Sport | 17. aug. 2016

To nye klare for Lysekloster

Thomas Aarsund (21) og Asgrim Tangen Farnes (20) har signert for Lysekloster.

To nye klare for Lysekloster
Thomas Aarsund og Asgrim Tangen Farnes har signert for Lysekloster (foto: Dagfinn Breivik, Lysekloster IL)
Andris Hamreonsdag 17. aug. 2016 18:22

Lysekloster har styrka stallen ytterlegare før den tøffe haustsesongen tek til.

Dei to siste tilskota i stallen er 21 år gamle Thomas Aarsund frå Brattvåg og 20 år gamle Asgrim Tangen Farnes frå Sogndal.

– Thomas kjem frå Brattvåg og har spelt mesteparten av si tid i moderklubben, opplyser klubben på si eiga heimeside.

Han har slitt med eindel skader i vårsesongen, men har likevel fått med seg sju kamper for 2. divisjonsklubben som ligg på 9. plass med 23 poeng i si pulje. Han speler til vanleg på midtbanen, men kan i følgje klubben bekle fleire roller.

– Asgrim hugser kanskje noko frå kampen mellom Sogndal og Lysekloster i fjor, der han var med å slå ut Lysekloster frå cupen, skriv klubben.

Tangen Farnes er frå Balestrand, men har spelt dei siste sesongane for Sogndal 2, med nokre innhopp på A-laget. Han er ein angrepsspelar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.