Kultur | 10. juni 2011

Det blir kino

Torsdag kom gladmeldinga for filminteresserte osingar. Bygdekinoen flyttar inn i Oseana med visning på sundagar.

Det blir kino
Andris Hamrefredag 10. juni 2011 07:02

For ein liten månad sidan spurte vi, kva skjer med bygdekinoen når Fjellheim stenger? Fjellheim har dei siste åra vore heilt i Noregstoppen når det gjeld besøkstala til bygdekinoen.

Torsdag kom svaret.

- Eg har gleda av å fortelle at bygdekinoen flyttar inn hos oss, fortel arrangementssjef Berit Steen i Oseana Kunst og Kultursenter.

Steen har i heile vår halde dialogen med bygdekinoen i håp om å få den inn i Oseana. Ei av utfordringane har vore speledag.

- Også dette har løyst seg på ein framifrå måte.

- Bygdekinoen kjem til å visa film i Oseana annankvar sundag, smiler Steen.

Startar i september

Då Midtsiden.no snakka med kommunikasjonssjef Birgitte Langballe i Film & Kino (som driv Bygdekinoane) i mai fortalte ho at reiseruta for hausten ikkje var lagt, mellomanna på grunn av skiftingar i staben, men at dei normalt følgjer skuleåret.

- Vi har fått melding om at dei vil starta opp framsyningane i september, avsluttar ein strålande nøgd arrangementssjef.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.