Kultur | 13. mai 2011

I Noregstoppen

Fjellheim kom i 2010 på 2. plass blant bygdekinoane i Noreg. Kva skjer når Fjellheim stenger?

I Noregstoppen
Andris Hamrefredag 13. mai 2011 08:11

Fjellheim har vore ein av dei mest populære spelestadane for bygdekinoen i mange år. I 2010 besøkte 1449 gjestar Fjellheim for å sjå film.

Berre Evje i Aust-Agder hadde fleire besøkande med 1541. Båe plassane hadde 16 framsyningar i 2010. På tredjeplass finn vi Gol i Buskerud med 1372 besøkande og 23 framsyningar.

Totalt besøkte 56.531 kinogjengarar dei 220 bygdekinoane rundt i heile landet.

- Så langt i år ser vi at besøkstala generelt i heile landet er noko lågare enn i fjor, fortel kommunikasjonssjef Birgitte Langballe i Film & Kino.

- Ein grunn til dette kan vera at det ikkje har vore nokre filmar som har utmerka seg veldig spesielt. Då blir gjerne ikkje publikumstala så høge heller, forklarar kommunikasjonssjefen.

Nore Neset tatt noko besøk?

Bygdekinoen starta opp med framsyningar i Nore Neset Aktivitetshus i oktober 2010. Dei første månadane var det 136 som nytta det nye tilbodet.

- Så langt i år har 295 nytta kinoen i Nore Neset. Samstundes ser vi at tala i Fjellheim har gått ned med 354 i høve til i fjor.

- Det kan kanskje tolkast som om eindel som tidlegare gjekk i Fjellheim, no går på Nore Neset, seier Langballe.

Også i Nordstrønen (Alvheim) er bygdekinoen innom. Dei opplever ei lita auking so langt i år frå 89 til 99 besøkande.

Kva skjer til hausten?

Fjellheim stenger dørene 1. juli. Kva tilbudet frå bygdekinoen blir til hausten er enno ikkje klart.

- Vi er godkjent som speleplass, men ventar på ruteplanen frå bygdekinoen, fortel arrangementssjef i Oseana Berit Steen.

- Så må vi berre håpa på at den ikkje kolliderer for mykje med andre arrangement som allereie er booka inn hos oss, legg ho til.

Legg om ruta

Midtsiden.no tok ein telefon til Grethe Næss, kinorådgjevar i Bygdekinoen for å høyra om planane.

- Bygdekinoen følgjer i det store og heile skulerutene. Vi har att to framsyningar i Fjellheim før vi tek ferie, fortel Næss.

I dag, fredag 13. mai kjem komedien "Hopp" kl 18 og actionfilmen "I Am Number Four" kl 20. Fredag 27. mai kl 18 er det "Pirates of the Caribbean: On Stranger Tides" som avsluttar Fjellheim si karriere som kinosal.

- Når det gjeld speleruta til hausten så er ikkje den klar enno.

- Til hausten blir vi digitalisert og i den samenhengen kjem den noverande maskinisten til å gå av med pensjon. Maskinisten vår i Rogaland kjem til å ta over eindel av speleplassane i Hordaland, men den kabalen er ikkje lagt, forklarar Næss.

- Kva som blir speledag dei forskjellige plassane blir difor eit puslespel som må leggjast. Vi håper å ha ruta klar i løpet av juni, avsluttar Grethe Næss i Bygdekinoen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.