Lokal | 22. feb. 2016

Ytre påverknad velta planen

Ekstremvêret «Tor», som ikkje vart så ekstremt, gav uheldige ringverknader i kommunen då skular og barnehagar stengde dørene på eige initiativ.

Ytre påverknad velta planen
Ordførar Terje Søviknes og rådmann Christian F. Fotland orienterte formannskapet om den førebelse evalueringa av kommunen si handtering av «Tor». (Foto: CV)
Cathrin Valestrandmåndag 22. feb. 2016 11:46

Ståle Skaatun (H) stilte i formannskapet torsdag spørsmål med kommunen si handtering av det varsla ekstremveret «Tor».

– Det verka som om halve Os gjekk i skyttargravene, og den andre halvparten lurte på kva dei skulle gjera, sa Skaatun, som også viste til ulik praksis ved stenging av skular og barnehagar rundt om i kommunen denne dagen.

– Eg vil presisera at det ikkje vart sett krisestab, men at det var eit innleiiande møte i kommunal kriseleiing om morgonen, der vi la eit klart løp som vart kommunisert vidare ut i organisasjonen, sa ordførar Terje Søviknes.

Uheldige ringverknader

At foreldre plutseleg måtte sleppa alt dei hadde i hendene, og skunda seg for å henta podar i barnehagar og skular gav uheldige ringverknader ut i organisasjonen.

– Når slikt skjer, kan vi fort bli underbemanna på andre vitale tenesteområde, til dømes innan pleie og omsorg, sa Søviknes, som poengterte at ein denne gongen ikkje kom opp i uheldige situasjonar der det var fare for liv eller helse.

Ordføraren presiserte at det så langt berre er gjort ei førebels evaluering av kommunen si handtering av ekstremvêret.

Ytre påverknad

Både ordføraren og rådmann Christian F. Fotland meinte det dei refererte til som «ytre påverknader» velta planen som KKL hadde lagt om morgonen.

– Då bergensavisene byrja å rapportera om stengde skuler i Bergen tok nok usikkerheita tak i ein del foreldre. Då kom nokre foreldre å henta borna på eige initiativ, og då fekk dei einskilde skulane heile problemstillinga rett i eige fang, forklarte Fotland.

– Vi hadde vore klåre på at dersom nokon skulle permitterast, så var det politiet som skulle ta den avgjerda. Plutseleg var det gått ut meldingar til ein del av foreldra om henting av born og stenging av skular og barnehagar utan at vi var kopla på.

Tryggleiksperspektiv

Eirik Andre Hesthamar (Frp) minte om at rektorane har det øvste ansvaret på sin skule.

- I Strøno var det trevelt like ved skulen, og det var fokus på å få ungdomsskuleelevar heim over brua før den eventuelt vart stengt. Då byrjar ballen å rulla, men eg er trygg på at rektorane handla utifrå eit tryggleiksperspektiv.

– Det var litt surrealistisk å henta i barnehagen på grunn av ekstremvêr, og rusla heim i vindstilla under ein blå himmel, sa Nils-Anders Nøttseter (MDG) som minte om at prognosane for ekstremvêret endra seg undervegs og gjorde jobben vanskeleg for metrologane.

– Vi har kanskje litt å gå på, men det vart lagt eit løp i KKL om morgonen, som var klart kommunisert ut, men ei rekkje «utanomting» som skjedde gjorde at råda frå kriseleiinga ikkje vart følgde, oppsummerte Fotland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.