– Yippee ki yay!
Bygdekinoen: Det blir action for både store og små på kinolerretet søndag, då filmane A good day to die hard og Rive-Rolv kjem til Oseana.
Søndag er det igjen tid for Bygdekinoen i Oseana, då med actionheltar for både store og små.
Rive-Rolf
Filmen for dei yngste er Disney sin Rive-Rolf (Wreck-it Ralph), der handlinga går føre seg i arkadespela si verd. Når arkaden stengjer for natta kjem ei ny verd til live, verda til spelefigurane.
Vi følgjer Rive-Rolf, som meir enn noko ønskjer å kunna vera meir som den snille i spelet hans, Fikse-Felix. Når det kjem eit nytt spel til hallen ser Rive-Rolf sin sjanse til å bli ein helt. Han lurer seg inn i det nye, moderne skytespelet og planen er enkel: Han vil vinna ein medalje.
Men han held på å øydeleggja alt, og ved eit uhell slepp han laus ein dødeleg fiende som trugar alle spel på arkaden. Rive-Rolf sitt siste håp, ein bråkmakar-"feil" frå eit kartracing-spel, kan vera den rette til å læra Rive-Rolf kva det vil seia å vera ein snill fyr.
Men vil han innsjå at han er god nok til å vera helten før heile arkaden blir GAME OVER?
A good day to die hard
For mange er John McClane den mest kjente karakteren til Bruce Willis, ikkje minst replikken "Yippee ki yay motherf*!".
McClane er no tilbake for femte gong, og denne gong havnar han på feil plass til feil tid i Moskva, der han skal hjelpa sonen sin Jack.
John og Jack har eit ikkje heilt ukomplisert far- og son-forhold, og det faktum at Jack er minst like sta som far sin gjer ikkje saka noko enklare.
Med heile Moskva si underverd etter seg, og med tida imot seg, skal dei prøve å stoppa eit krigsutbrot, og då oppgarar dei to McClanes at deira forskjellige framgangsmåtar og metodar gjer dei til eit uovervinneleg team.