Lokal | 30. juni 2013

Yellow submarine?

Os brannvesen fekk i ettermiddag melding om ein bøye på rek i Bjørnafjorden. Oppdatert.

Yellow submarine?
Denne gule bøen fann brannvesenet rekande i fjorden (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandsundag 30. juni 2013 20:39

- Vi blei oppringt frå mannskapet på ferja Selbjørnsfjord om ein gul bøye som låg på rek i fjorden, fortel Erik Walden frå Os brannvesen.

Brannvesenet kontakta først politiet for å høyra om dei kunne rykka ut med Kjølen.

- Då dei ikkje var i nærleiken stakk vi ut med vår båt.

Frå eit oppdrettsanlegg?

Brannvesenet fann bøyen i fjorden mellom Bjørnatrynet og Vernøyane og fekk den med seg til land.

- Mannskapet på Selbjørnsfjord meinte bøyen kunne stamma frå eit oppdrettsanlegg eller liknande.

- Den ser ut å vera utstyrt med solcellepanel, og det kan vera ho byrjar å lysa eller blinka når det blir mørkt, seier Walden.

Om nokon saknar bøyen så ber brannvesenet dei ta kontakt på måndag.

OPPDATERT: Sjøtroll, som har oppdrettsanlegg utanfor Skorpo i Korsfjorden, har meldt seg og seier dei saknar ein bøye lik den som er funnen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.