Sport | 08. juli 2016

William og onkel Frank fekk 1. og 2. plass

Hetleflaat Motorsport har hatt ei svært god helg i Setesdal.

William og onkel Frank fekk 1. og 2. plass
William Moberg Hetleflåt i Valle førre helg. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. juli 2016 11:28

Bildeserie:

Sånn ser det ut når Hetleflaat Motorsport reiser på løp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sånn ser det ut når Hetleflaat Motorsport reiser på løp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Mens William vann tok Frank 2.plass i Bad Boys-klassen.  (Privat foto)
Mens William vann tok Frank 2.plass i Bad Boys-klassen. (Privat foto)
På plass i Valle. (Privat foto)
På plass i Valle. (Privat foto)
Frank varmar opp. (Privat foto)
Frank varmar opp. (Privat foto)
William slo kameraten Håvard med 45 tusendelar (!) i finalen. (Privat foto)
William slo kameraten Håvard med 45 tusendelar (!) i finalen. (Privat foto)
1 av 5

William Moberg Hetleflåt, som fyller 13 år i august, køyrde sine første dragrace i 2014. I fjor vann han storstemne på Gardermoen, blei West Coast Champ i street legal og tok 3. plass i NM samanlagt.

I år droppa han det første av sesongens seks løp, som gjekk på Hitra nordvest for Trondheim. I andre løp var det ein feil med drivreima som gjorde at han måtte kompensera med køyrestil, noko han ikkje lykkast med.

Førre helg var han tilbake i Valle i Setesdal, der også 2. runde gjekk, og då blei det siger.

– Det er den jamnaste finalen eg nokosinne har sett i eit juniorløp, William vann med 45 tusendelar! fortel pappa Truls Hetleflåt.

Klassen hadde 11 deltakarar. William slo kameraten og rivalen Håvard Kongshem (Kongshem Racing) frå Rauland i finalen.

Optimal start

William sin bil er cirka 4,10 meter lang, veg rundt 200 kilo med førar og har 55 hestekrefter. Deltakarane i junior køyrer halv dragrace-distanse, altså 1/8 engelsk mil (201,16 meter). Målet er å køyra distansen på 7,90 sekund.Køyrer du fortare så ryker du ut og det er ikkje speedometer i bilane.

Målet er òg å ha ein god start, reaksjonstid på 0,500 er det ultimate, startar du 0,499 sekund etter startskotet går så tel det som tjuvstart.

I semifinalen hadde William ei reaksjonstid på 0,502, noko som i seg sjølv er ein stor prestasjon.

Grunna ferie går han glipp av neste runde, som går i Fyresdal om ei veke. Neste løp blir i Sverige og på Gardermoen to helger på rad seinare i sommar.

– Det kostar litt å reisa rundt, men William har fått gode sponsorar i Loop, Mjølkeråen og Grindevoll, og det betyr mykje.

Frank på pallen i Bad Boys-klassen

William har ikkje berre ein mekaniker-pappa med seg på tur, onkelen Frank Hetleflåt er med som deltakar i team Hetleflaat Motorsport.

– Frank deltar i Bad Boys-klassen i street legal, der deltakarane køyrer gatebilar, registrert, EU-godkjent og forsikra bilar.

Frank vann eitt løp i fjor og var på pallen i West Coast Champ.

Førre helg var han på pallen igjen, då kom han på 2. plass med camaroen som han måndag svidde dekk med på 4. julifeiring på Røykenes.

Midtsiden samleside: Motorsport

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.