Wibit i badet
Nattbadinga i Osbadet har blitt ein suksess, med 80-90 gjestar kvar gong. I kveld får ungdomane testa eit nytt leiketøy.
Osbadet fekk 20 000 kroner i KUP-midlar tysdag, til innkjøp av utstyr til mellom anna nattbading for ungdom. I kveld får ungdommane som kjem sjå resultatet av investeringa.
– Vi har kjøpt ein wibit, ei hinderløype som dei badande skal få testa seg i. Desse er særs populære i Syden, så vi fann ut at vi hadde lyst til å gje det same tilbodet her heime.
• Sjå video og bildeserie frå nattbading i desember
– Vi følte vi hadde lyst til å gje dei litt eldre borna og ungdommane eit nytt tilbod. Håpet er jo at den skal vera med på å skapa endå meir aktivitet i badet, fortel konstituert dagleg leiar Torbjørg Brattabø og prosjektleiar for nattbadinga Jon Sivert Rykkel.
Osmeisterskap i hinderløype?
Rykkel, som var med å montere og testa banen torsdag kveld, fortel at det var ikkje så lett å koma over hindra som han hadde trudd.
– I alle fall om du skal prøva å gjera det fort. Eg lurer på om vi må laga ein konkurranse etterkvart. Kanskje vi kan få kjente osingar til å utfordra kvarandre, smiler Rykkel.
Kan brukast andre plasser
Hinderløypa får premiera si i kveld under nattbadinga.
– Det er primært mot den vi har kjøpt den inn, men vi kjem til å bruka den også i feriar og andre samanhengar. Kanskje kan den dukka opp i Vikjo til sommaren, moglegheiten er der, seier Brattabø.
Har blitt ein møteplass
I kveld er fjerde månaden på rad at Osbadet arrangerer nattbading.
– Det har blitt veldig populært. Vi har lagt på 80-90 born og unge i 10-15 årsalderen kvar gong.
– Det har faktisk vore ein stigande trend, noko vi tykkjer er veldig kjekt. Vi opplever at det har blitt ein møteplass for ungdom, avsluttar Rykkel.
• Videoreportasje: Bli med babyane under vatn!