Warloe og Aksnes opnar Friele-utstilling
Tidlegare byråd i Bergen, Henning Warloe, og Urørt-fenomenet Aurora Aksnes står for opninga når Bodil Friele stiller ut på Vedholmen Galleri.
Laurdag er det tid for opning av årets andre utstilling ved Vedholmen Galleri. Galleriet opna ekstra tidleg i år, og hadde publikumsrekord på vernissasjen tidleg i februar.
Utstillinga som opnar laurdag 2. mars er av Bodil Friele og heiter "Barack Obama had 23 X-mas trees in The White House".
– Utstillinga er ei vidareføring av tre av fjorårets større utstillingar i Galleri G. Guddal i Rosendal, Galleri Nils Bergslien og Espeland Fangeleir. Friele stiller ut innandørs og utandørs med nye malerier og relieffer i blandingsteknikkar, og ein utendørs-installasjon i ved, fortel Vibeke Harild.
Bodil Friele har gjennom lang tid jobba med ved i ulike formar og samanhengar. Ved som stablar, bilde og installasjonar er på mange vis blitt eit varemerke i hennar kunst.
Opning av Warloe og Aksnes
Til å halda opningstale har galleristane og kunstnarane Vibeke Harild og Peter Marron invitert musikar Aurora Aksnes og tidlegare stortingspolitikar og byråd i Bergen, Henning Warloe (H).
Aurora blei eit Urørt-fenomen då ho lasta opp låta si Puppet på NRK.no - debutanten gjekk på kort tid rett til topps i desember i fjor.
– Vi liker godt å visa unge, lokale kunstnarar innan musikk og har vore heldige med bruk av både elevar ved Kongshaug Musikkgymnas og med unge musikarar frå Os.
– Aurora takka ja med ein gong og vi gler oss til å høyra ho synga i galleriet.
Warloe skal stå for opningstalen.
– Bergen Assembly (tidegare kalla Triennalen) startar seinsommaren 2013 med vising av internasjonal kunst. Henning Warloe var initivtaker til dette og lagde flere stipendordningar for det profesjonelle kunstmiljøet i Bergen.
– Vi ser også veldigfram til å ha Warloe i galleriet laurdag, seier Harild.
Vernissasjen startar klokka 14. Utstillinga står ut mars.