Vurderer å investera
Kommunen vurderer å delta meir aktivt i Os sentrum. – Vi er i dialog med eigarane i kvartalet mellom Torggata og Brugata, seier Cato Zachrisen.
Etter at Cato Zachrisen blei engasjert som prosjektleiar for “Liv på Øyro” har han brukt mykje tid på å kartlegga eigarstrukturane i dei forskjellige bygga i sentrum, og på å gå i dialog med eigarane.
– Kommunen er innstilt, i ei eller anna form, på å vera med på å utvikla sentrum.
– For oss handlar det ikkje berre om økonomiske aspekt, men òg dei samfunnsmessige. Vi vil vera med på å gjera sentrum betre, fortel prosjektleiaren.
Eit viktig kvartal
Det prosjektet Zachrisen ser for seg at kommunen først vil engasjera seg i er kvartalet mellom Torget, Torggata, Brugata og Hatvikvegen, kor mellom anna Sparebanken Vest, Apotek1 og Joker held hus i dag.
– Det er eit viktig kvartal og kan bli ein motor i sentrumsutviklinga.
– Vi har allereie hatt eit positivt møte med gardeigarane, og dei skal koma attende med korleis dei ser på framtida.
– Kommunen vurderer moglegheitene for på ein eller annan måte å investera i eit felles eigedomsselskap for dette kvartalet saman med dei av dagens eigarar som vil vera med vidare. Om det er noko av dei som i staden vil selja sine eigedommar, så må vi sjå korleis vi kan løysa det.
Zachrisen presiserer at ei kommunal medverknad ikkje vil gå utover det kommunale drifts- eller investeringsbudsjettet.
Opp mot 100 nye bustadar
Zachrisen estimerer at ei opprusting av kvartalet vil koma på om lag 500 millionar kroner.
– Då vil vi få gode handelsareal i dei nedste etasjane og bustadar i høgda.
Noko av bygningsmassen vil truleg bli riven, andre delar vil bli rehabilitert.
– Vi må nok òg byggja på litt i høgden for å få økonomi i prosjektet, forklarar Zachrisen som reknar med at ein snakkar om opp mot 100 bustadar i prosjektet.
Overbygg over Brugata?
Eigedomsutveklaren ser allereie for seg korleis ein kan knytta Torggata tettare saman med Brugata gjennom ein innvendig passasje i det nye kvartalet mellom dei to gatene.
– Vi må sørgje for å knytta saman dei forskjellege tilboda i sentrum på ein slik måte at kundane opplever det attraktivt å handla i sentrum og ikkje vel å nytta bil for å ta seg frå den eine butikken til den andre, seier Zachrisen, i det han lanserer tankane om ein overbygd gangveg mellom Bjørnegården og det nye kvartalet.
Éin milliard i sentrum
Zachrisen har stor tru på dei prosjekta som allereie har vore lansert i Os sentrum.
– Eg trur prosjekta både i Brugata og oppover Landboden kjem.
– Summerer vi prosjekta i Bjørnegården, Buggegården, Oshjørnet, Landboden og dette prosjektet så snakkar vi om ei total investering i Os sentrum på nærmare éin milliard kroner.
– Det vil forandra sentrum, slår Zachrisen fast.
Avklaring før fellesferien
Zachrisen fortel at kommunen er innstilt på å få ein avklaring på prosjektet før fellesferien.
– Det må vi. Vi må halde trøkket oppe, om ikkje det går an å samlast om dette kvartalet, så må vi sjå på andre moglegheiter.
– Får vi det på plass, må vi nok tenkja i eit fem til sju årsperspektiv før det nye kvartalet kan stå ferdig, avsluttar Cato Zachrisen.