Kultur | 06. mai 2021

Vokale krumspring i Hvelvet

Det blir ei ekstra spesiell avslutning av utstillinga «Breakout Room» i Oseana på sundag.

Vokale krumspring i Hvelvet
Vokalgruppa Tabula Rasa kan du sundag oppleva som ein del av utstillinga «Breakout Room» i Oseana. (Pressefoto)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 06. mai 2021 09:09 - Sist oppdatert 06. mai 2021

På sundag er det siste opningsdag for utstillinga «Breakout Room» i Hvelvet i Oseana.

Utstillinga er det kunstnaren Linda Øgaard som står bak, og før opninga 17. april kunne Øgaard lova ei heilt spesiell visuell oppleving.

Vikarierande kurator i Oseana Kunst & kultursenter, Kamilla S. Mathisen, fortel at mellom klokka 13 og 16 på sundag vil utstillinga få besøk av vokalgruppa Tabula Rasa.

Linda Øgaards installasjonar vil då bli tolka av vokalgruppa, og vidare bli gjenstand for vokalgruppa sine vokale krumspring.

– Tabula Rasa nyttar ofte improvisasjon som arbeidsmetode, og dei ønskjer å formidla eksperimentell musikk, også til menneske som ikkje kjenner sjangeren så godt frå før. Dei utfordrar gjerne konsertformatet, tek i bruk teatralske verkemiddel og arbeider med ulike typer framvisningar.

– I «Breakout Room» har dei valt å sjå på dei ulike arbeida til Øgaard som grafiske partitur, og dei 5 songarane som er med har fokusert på kvart sitt verk. Slik de ulike verka jobbar saman i rommet, vil også songarane vera i interaksjon med kvarandre både fysisk og musikalsk.

Mathisen legg til at grunna gjeldande smittevernreglar kan det bli noko ventetid for å koma inn i Hvelvet denne dagen.

Det blir vokale krumspring i Oseana på sundag. (Pressefoto)
Det blir vokale krumspring i Oseana på sundag. (Pressefoto)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.