Lokal | 04. juni 2013

Vogntog og forsøpling

Politiet: For langt vogntog gjennom Hegglandsdalen. Ungdommar laga bråk og forsøpla på Amfi. Laus hund i Mobergsbakkane.

Vogntog og forsøpling
Eit langt vogntog klarte å ta seg forbi Rødsliane måndag (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 04. juni 2013 09:40

Måndag fekk politiet melding om eit utanlandsk vogntog på veg ut Hegglandsdalen.

– Vogntoget var lengre enn det som er tillatt på strekninga og patrulja rykka ut.

– Den traff på vogntoget ute på Lyssand. Etter litt språkproblem med den utanlandske føraren fekk vi ordna opp i saka, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Ungdommar bråka

Politiet har også fått melding om ungdommar som laga bråk og forsøpla på Amfi Os.

– Kundar og butikktilsette reagerte på oppførselen og ba om bistand frå oss.

– Diverre var patrulja oppteken på anna oppdrag, men vi følgjer med på dette slik at det ikkje utviklar seg, forsikrar politioverbetjenten.

"Ulv" i Mobergsbakkane

Ein større hund skal ha blitt observert laus i Mobergsbakkane.

– Den blei beskriven som ein stor hund, og likna litt på ein ulv i følgje meldar.

– Vi høyrde ikkje noko meir om den, så det blei truleg teken hand om av eigar, avsluttar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.