Sport | 13. aug. 2010

VM-sølv til Emilie

Tidlegare Os-spelar Emilie Christensen tok saman med det norske landslaget VM-sølv natt til fredag.

VM-sølv til Emilie
Andris Hamrefredag 13. aug. 2010 09:21

Det norske jentelandslaget har dei siste vekene vore i Den Domenikanske Republikk for å spela VM for jenter født 1992/93.

På laget finn vi ei utflytta osajente Emilie Christensen som starta si handballkarriere i hallen på Kuventræ og som spelte på Os fram til ho før forrige sesong valgte å gå til Fana.

Spelte alle kampane
Emilie Christensen spela alle dei 6 kampane som blei avvikla og noterte seg for 3 mål i den innleiande kampen mot Uruguay. Den første kampen i turneringa skulle det norske laget ha spelt mot Elfenbenskysten, men dei klarte ikkje å komma seg til Den Domenikanske Republikk i tide.

Ein "rotafinale"
Landslagstrenar Henning Krøger beskriv på handball.no finalen mot Sverige natt til fredag som ein parodi.

Omlag midtvegs i andre omgang sluttar kampuret å fungere. Delegatar løper att og fram og det endar med manuell tidtaking og ein speaker som opplyser om resultatet innimellom.

Uansett, dei svenske jentene er sterkest og vinn tilslutt 34 - 29.

- Vi kan konstatere at "manjana landet" har mye å lære i forhold til å avvikle et VM. Men samtidig skal vi være rause, og innrømme at vi i dag tapte for et bedre lag som ville mye - og som fikk bruke sin fysikk til fulle for å nå målet sitt, avsluttet Krøger til handball.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.