Sport | 22. juni 2013

Viste vinnarvilje

Det blei tett løp då Lysekloster på 2. plass tok imot Kopervik på 5. plass på tabellen.

Viste vinnarvilje
Lysekloster fekk straffe og berga tre poeng i gårsdagens heimekamp. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 22. juni 2013 10:04

Lysekloster var nær på å måtte gje vekk poeng i nok ein heimekamp då dei i går tok imot Kopervik til 12. serierunde.

– Vi møtte ein kod motstandar og det blei ein slitekamp. Men i motsetnad til førre heimekamp gjekk det vår veg denne gong, seier trenar Thomas Sandal.

Lysekloster - Kopervik 2-1 (0-0)
Mål, Lysekloster: Lars Henrik Skage og Kim Kleivedalen (straffe)

Lars Henrik Skage gav Lysekloster leiinga etter misforståing mellom Kopervik forsvar og keeper.

– Vi let oss påverka litt av presset, og hadde periodar der vi slo mykje langt, men gutane viste ein vinnarmentalitet som blei avgjerande i denne kampen.

Gjestane utlikna, men Kim Kleivedalen putta på straffe og Lysekloster kunne gle seg over tre poeng.

Lysekloster tar no kamp-ferie fram til 22. juli, når dei speler borte mot Fyllingsdalen 2.

SJÅ TABELL

Os, som speler i same avdeling, rundar av vårsesongen med heimekamp mot Randaberg, som Lysekloster slo 2-1 borte i førre runde.

Kampen på Kuventræ startar klokka 14 i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.