Viste pokalane
Ungane gjorde store auge då dei ferske noregsmeistrane stilte på trening med pokalar og medaljar.
– Eg tenkte det kunne vore greit for dei yngste å sjå korleis ungdomane i klubben blei lønna under NM, seier instruktør Vidar Mjånes i Os Karateklubb.
Klubben stilte med 10 utøvarar og tok 13 medaljar, 5 av dei gull, under årets NM i karate.
Mjånes bad utøvarane ta medaljane med på trening denne veka.
– Det er ikkje lenge til nokre av desse unge skal i elden, så då kan det vera greit å sjå at forbilda og hjelpeinstruktørane deira har det som skal til.
Suverene brør
Brørne Aner og Armin Palislamovic er blant dei fem ferske noregsmeistrane i klubben.
Aner vann sin finale 9-1, Armin vann sin finale 11-3.
– Motstandaren min var frå klubben til mange gongar noregsmeister Steffen Larsen. Det var ekstra gøy og vinna over ein som blei coacha av Larsen, seier Aner.
– Eg vann dei to første kampane 9-0, og leia finalen 7-0. Men så fekk eg nokre åtvaringar, så då måtte eg opp i 11 skåringar for at finalen skulle avgjerast før full tid, fortel Armin.
Aner legg til at han er svært glad for det store og aktive konkurransemiljøet i klubben.
– Eg er veldig takksam for alle som stiller opp for kvarandre, og for dei flinke instruktørane vi har.
Jenter på tur
Amanda Njøten gjorde sin beste meisterskap til no, og tok bronse i juniorklassen.
– Det blei jamne, spennande kampar og veldig gøy å ta medalje.
– Og så var det veldig kjekt å reisa på tur med så mange frå klubben, seier Amanda, som har trent karate i 4,5 år.
Ho gler seg også over klubbvenninna Tiril Skønberg Haaland, som har vunne det meste av lokale stemner opp gjennom åra, og tok sølv i fjor.
I år blei det endeleg gull og NM-tittel til den talentfulle 13-åringen.
– Godt å sleppa Åsmund
Åsmund Slettevold har vore suveren som junior. Han fylte 18 år dagen før NM og er nøgd med bronse i seniordebuten.
– At eg berre tapte 2-5 for rutinerte Stian Olderbråthen i semifinalen er eg nøgd med. Stian vann finalen 8-0, så med ei lit anna trekning kunne det kanskje blitt sølv, seier Åsmund.
Klubbkamerat Vegard Gjøsund hadde sett fram til å delta i juniorklassen utan å måtta bryna seg på Åsmund i finalen, som han ofte har gjort tidlegare.
– Men så var det gjort feil i påmeldinga så eg sto i for låg vektklasse og ikkje fekk delta. Heldigvis var eg også påmeldt i kampformen shobu ippon, første poeng vinn, så eg fekk konkurrera litt eg òg, seier Vegard, som vann klassen.