Viste musklar
Osdamene viste at dei skal bli farlege denne sesongen då dei slo Sotra 30-20 i sesongpremiera sundag kveld.
Handballdamene til Os Turn fekk æra av å spela ein av dei første seniorkampane i nybygde Sotra Arena sundag kveld. I storstova feide dei all tvil til sides og banka Sotra heile 30-20.
– Jentene sto utruleg godt i forsvar.
– Dei står på arm og pressar skota akkurat der Vibeke Ingebrigtsen ville ha det.
– Det gjer at Vibeke igjen blir kåra til banens beste spelar, men jentene som står foran skal ha skryt i dag. Samarbeidet mellom forsvaret og keeper var nøkkelen til siger i dag, fortel Ostrenar, Erlend Lyssand.
Rotar i kontringane
Sjølv om Osdamene har full kontroll bakover er ikkje Lyssand like nøgd med alt framover på bana.
– Når vi spelar etablert, så er vi gode og spelar dei ut, men jentene har ein tendens til å bli litt for utolmodige.
– Ein anna ting vi må jobba meir med er kontringane. Vi tek ikkje vare på sjansane dette gjev oss, i staden tek vi for store risikoar og kastar vekk ballen, forklarar Lyssand.
Framover på banen trekk Lyssand likevel fram Line Hjelle som blir toppskårar med 6 mål.
– Det blir ho trass i at ho sit vel 20 minutt på benken, skryt ostrenaren.
Uroa over skade
Ungjenta Vilde Brattabø startar kampen bra og set ballen to gongar i mål.
– Vilde fekk ein god start, men etter berre sju minutt blir ho skadd i kneet.
– Kva det er for noko veit vi ikkje enno, men det kunne sjå ut som ei vridning. Eg må seie eg er litt uroa nett no, seier Lyssand.
Sotra - Os 20-30 (7-13)
Os sitt lag: Vibeke Ingebrigtsen, Hanne Sørstrønen, Irene Tangerås (6), Madeleine Hjertnes (3), Silje Martine Årseth (2), Emilie Hjertnes (3), Maria Stangeland Lunde (1), Hilde Kristine Røttingen (2), Vilde Brattabø (2), Line Hjelle (6), Elise Hjelle (4), Eline Mikkelsen, Vilde Fyllingen, Marte Øvreeide (1)