Viste ingen respekt
– Eg går alltid inn for siger, seier toppskårar Anna Bjørke Kallestad (16) etter kveldens NM-kamp mot eliteserieklubben Sola.
Over 100 publikummarar hadde benka seg i Oshallen for å sjå 2. divisjonslaget til Os prøva å ta seg vidare til 3. runde i NM. Motstandar var eliteserieklubben Sola.
2. runde i NM:
Os - Sola 19-40 (7-19)
Os sitt lag med skåringar: Vibeke Ingebrigtsen, Anna Kallestad Bjørke 4, Line Hjelle Berentsen 4, Tonje Hjertnes 3, Irene Tangerås 3, Marte Øvreeide 2, Elise Hjelle 2, Madeleine Hjertnes 1, Emilie Hjertnes, Caroline F. Cook, Vilde Brattabø, Vilde D. Fyllingen og Malin Lunde Fosen.
Toppskårar for Sola: Andrea Næss med 9 mål. Nina Stokland skåra 8 spelemål og 1 frå 7-metersmerket.
Medan fleire av dei meir rutinerte jentene på damelaget til Os har vore med å kjempa mot eliteserieklubbar tidlegare, og visste at handballen ikkje er like rund som fotballen, var nokre av dei mange unge jentene i årets tropp meir optimist.
– Og så klarte dei seg også bra alle saman, dei viste ingen respekt og klarte å putta 19 mål mot Sola. Bortsett frå ein svak siste tredel av første omgang er eg nøgd med dette, fortel trenar Erlend Lyssand.
– Line og Anna var spesielt gode i dag, seier han om toppskårarane.
Os måtte nøya seg med erfaringa, men kan sjå tilbake på ein andreomgang som isolert sett enda 12-21.
– Eg går alltid for siger og det var veldig kjekt å få skåra mot eit så godt lag, synes Anna Bjørke Kallestad.
Saman med Line Hjelle Berentsen blei ho kampens toppskårar for heimelaget.