Lokal | 15. feb. 2016

Viser dårleg do-vett!

Teknisk drift slit med tette rør: I Kuvågen går det unna med våtserviettar, på Søfteland er det enkelte som stadig kastar vaskeklutar (!) i do.

Viser dårleg do-vett!
Avlaupspumpene i Os stoppar stadig opp grunna våtserviettar og vaskeklutar i kloakken. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 15. feb. 2016 15:04

Det er ikkje OK å kaste tøyklutar og våtserviettar i do. Dyrt blir det òg, skriv Os kommune i ei pressemelding i dag.

Teknisk drift må stadig rykke ut til pumpestasjonar som har stoppa rundt om i kommunen. Pumpene for avløpsvatn stansar dersom det til dømes kjem våtserviettar eller bleier inn i systemet.

Den siste tida har spesielt to område i kommunen hatt hyppige problem med avløpsnettet:

På Søfteland skyl nokon stadig ned tøyvaskeklutar i toalettet. Tøyklutar løyser seg som kjent ikkje opp, og om dei ikkje forårsakar tett toalett hos syndaren der og då, gir dei trøbbel vidare på ferda.

- Du får rekninga

I Kuvågen skapar store mengder våtserviettar og tørkepapir hyppige problem. Kvar gong eit avløpsrøyr går tett, må teknisk drift ut for å bokstaveleg talt løyse opp i problemet.

- Det tar tid å reinse pumpene. Av og til blir dei øydelagde av blokkeringane, og då kostar det mange pengar å erstatte dei. Rekninga fell til sjuande og sist på alle som betaler vass- og kloakkavgift.

– Det er synd at vi må bruke store ressursar på å ordne opp i problem som så enkelt burde vore unngått, seier teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer.

Dovettregelen er ganske enkel. Berre tre ting skal i do: Bæsj, tiss og dopapir.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.