Ville ha meir openheit
Espen Aspenes (Frp) etterlyste meir openheit frå administrasjonen om kven som ikkje held budsjetta sine då formannskapet handsama rekneskaprapporten for juli.
Kommunen har grei kontroll på rekneskapet per juli, men enkelte av tenesteområda slit med å halde budsjetta.
– Inntektssida ser framleis lovande ut, men vi har enno nokre utfordringar i delar av tenesteproduksjonen, oppsummerte rådmann Knut Terje Rekve i rapporten.
– Sei kven det gjeld
Områda han siktar til er fellesutgifter med eit meirforbruk på omlag 2 millonar knytt til premieavvik på pensjon og avviklinga av Midthordaland revisjonsdistrikt. Også på området for kultur og oppvekst ligg ein ann til meirforbruk. 6 millionar er prognosane, dette skriv seg frå barnehage-sektoren (minus 3,5 mill) og skule-sektoren (minus 2,5 mill.)
– I dei fleste tilfeller skriv de konkret kva det gjeld, men på skuleområdet skriv de berre at nokre få skular har utfordringar.
– No kan vi lesa oss fram til kva skular det gjeld, når vi ser på samlerapporten lengre bak, men det kastar skuggar over heile sektoren når de gjer det på denne måten.
– Eg skulle ønskja at de peika konkret på kven som har desse utfordringane, så hadde foreldre og andre, slept å uroa seg for si skule, påpeika Espen Aspenes (Frp).
– Dei veit det sjølv
Kommunalsjef Ingvar Torsvik var ikkje utan vidare samd i vurderinga frå Aspenes.
– Områdebudsjettet er ein sekkepost. Vi har for vane å samla det i rapporten.
– Både dei det gjeld og dei andre i sektoren veit kven det gjeld. Vi set inn kraftige tiltak i høve dei. Dei som kjenner det veit kva det går i. Formen på rapporten kan vi alltid diskutera, svarte Torsvik.
– Vi som politikarar burde og skal vita det ut frå rapportane og det gjer vi, men eg meinar at også foreldre og omgjevnadene burde vita det. Difor løfta eg spørsmålet, påpeika Aspenes.
Har tatt grep
I underlaget til rapporten kjem det fram at kommunalsjefen (Torsvik) har tatt strukturelle grep og kutt er effektuert frå skulestart.
– Men det skal halde hardt for ny leiing å levera balanse allereie til nyttår, skriv Torsvik i rapporten.
Rapporten fekk Torill Keys (Ap) til å uroa seg.
– Vi held oss til dei normkrava som gjeld for skulen i høve antal elevar per lærar i klasseromma.
– Men det merkast at det er fleire born per lærar og det uroar oss også, svarte kommunalsjefen.