Lokal | 22. mars 2020

Ville gi meir makt til formannskapet

Fem representantar stemte mot forslaget.

Ville gi meir makt til formannskapet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 22. mars 2020 20:29

Bjørnafjorden kommunestyre har i dag stemt over «deligering av fullmakter frå kommunestyret til formannskapet». Det blei ikkje samrøstes.

Ordførar Trine Lindborg (Ap) har sendt referat innbakt i lesarinnlegget under.

Under innlegget finn du kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak og felles framlegg til vedtak frå Asle Olsen (SV) og Magne Djuvik (PDK).

Det er felleskapet som tel- og no i desse dagar er det fellesskapet framfor alt!

Bjørnafjorden sine innbyggjare skal sikrast tryggheit og styring - eg meiner dette er tida for å leggja partipolitikk og symbolpolitikk til sides.

No er det for meg som ordførar eit fokus som tel - å sikra trygge, kloke og raske avgjerder når det krevst, og at kommuneleiing og kommunal kriseleiing (KKL) er sikra dei rette verktya for å utføra sitt virke til vårt felles beste. Inkludert i dette er at alle får halda seg friske og vera istand til å utføra dei krevjande oppgåvene sine. Dette meiner eg vi no i denne tidsavgrensa tida best ivaretek politisk og demokratisk gjennom eit lovleg vald formannskap som kan fatta raske og nødvendige vedtak.

Kommunelova opnar for at formannskapa kan overta noko av kommunestyret sin mynde i slike fasar som no. Kommunedirektør og ordførar har også mynde til å ta avgjerder i krisesituasjonar gjennom vedteken beredskapsplan og gjennom kommunelova (hasteparagraf).

For å sikra framdrift og politisk medverknad ba eit samla formannskap 18. mars om at det vart framlagt ei sak om overføring av mynde frå kommunestyre til formannskap. Dette grunna at ein også ser utfordringar med å samla 35 representantar til nettmøter - og med å sikra ei demokratisk og rett gjennomføring av desse.

SV som det einaste partiet som ikkje er representert i formannskapet skulle sikrast medverknad med lovleg gjeven møte- og talerett ( ref. reglementet). Dei kan etter lova ikkje bli gjeven stemmerett.

Det var også svært viktig for oss at det vart stadfesta i vedtaket at plan-og bygningsutvalet skulle driva vidare ved å nytta fjernmøter.

Bjørnafjorden kommunestyre si avrøysting i dag viser:
2 stemmer for SV v/Asle Olsen og uavhengig Magne Djuvik sitt framlegg til vedtak, 33 stemmer mot.
30 stemmer for kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak, (Ap, Sp, Krf, uavhengig Harald Lekven, H og Frp). 5 stemmer mot.

Mdg sine tre representantar stemte imot begge framlegga til vedtak.

Eit vedtak om slik overføring av mynde krevst etter kommunelova samrøystes tilslutning. Det vart det dessverre ikkje i dag, og det må eg forhalda meg til - og handtera.

Eg vil kalla inn alle gruppeleiarane til felles nettmøte i kommande veke for å diskutera korleis vi skal handtera gjennomføringa av kommunestyremøter, formannskapsmøter og andre utvalsmøter framover. Det er ikkje berre enkelt å bruka nettmøter til gjennomføringa, ein skal vera sikra gode demokratiske prosessar og medverknad for alle 35 representantane. I den krevjande situasjonen landet vårt og kommunen vår no står midt oppe i, er det heller ikkje ei selvfølge at ein klarer å gjennomføra møta reint administrativt.

Som ordførar meiner eg det er spesielt viktig å sikra formannskapet og plan-og bygningsutvalet fungerer i denne perioden. Vi treng å ivareta samfunnsoppdraget vårt med å halda kommunen, næringsliv og arbeidsplassar i drift. Vi må snarast finna rette forma for fjernmøter til PBU.

Magne Djuvik skriv i si pressemelding til Os og Fusaposten i går kveld at å invitera SV inn til Formannskapet med møte- og talerett ikkje er lovleg. Der tek Djuvik feil, eit kvart utval står i sin fulle rett til å invitera inn organisasjonar, aktørar, og kven dei vil til sitt utval for talerett (ref.reglementet vårt).

Møterett har alle automatisk då Formannskapsmøta er opne. Det er ikkje snakk om å utvida eller innskrenkja Bjørnafjorden formannskap slik Djuvik uttaler. Det består etter lova av 9 stk demokratisk valde medlemmer, vald av Magne Djuvik og 34 andre kommunestyrerepresentantar 29.10.19.

Eg reagerer også på at Djuvik som ein av oss folkevalde oppfordrar til at politikare og administrasjon kan samlast fysisk, berre vi er ein meter i frå kvarandre. Dette strider mot all oppfordring frå Folkehelseinstituttet, og eg hadde forventa at vi som tillitsvalde menn og kvinner i Bjørnafjorden kommune gjekk føre som gode eksempel,- og ikkje utsette andre for unødig smitterisiko. Eg håpar og trur at dette punktet ikkje var gjennomtenkt nok då Djuvik fremja det.

Trine Lindborg
Ordførar, Ap

----------------------------

Delegering av fullmakter frå kommunestyret til formannskapet

Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak:

1. Bjørnafjorden kommunestyre delegerer til formannskapet å treffe alle politiske avgjerd, som ikkje av lov er særskilt lagt til kommunestyret sjølv i den perioden pandemien med covid-19 pågår og restriksjonar er lagt på det norske samfunn.
2. Bjørnafjorden kommunestyre godkjenner at møter i formannskapet og plan- og bygningsutvalet kan gjennomførast som fjernmøter for å oppretthalde naudsynte samfunnsmessige funksjonar. Desse skal så langt som råd er vere offentlege tilgjengelege gjennom Kommune-TV.
3. Bjørnafjorden kommunestyre vedtek at øvrige politiske møter, herunder kommunestyremøter, som hovudsak går ut inntil vidare.
4. Kommunedirektøren skal som hovudregel ta opp saker som har økonomiske disponeringer over 2 millionar kroner til drøfting med formannskapet.
5. For å sikre brei politisk medverknad gis SV tilgang til å tiltre formannskapsmøta med forslags- og talerett, men ikkje stemmerett.
6. Dette vedtaket er fatta etter skriftleg sakshandsaming og gjeld frå dags dato og fram til 15. august 2020 om situasjonen ikkje endrar seg og organisasjonen går tilbake til vanleg drift kor skuler, barnehager og andre nedstengte tenester opner igjen.

Samandrag av saka:
Denne saka hander om å oppretthalde demokratiet gjennom ein politisk medverknad i den situasjonen Noreg og Bjørnafjorden kommune står oppe i no med covid-19-pandemien og dei tiltak som er gjennomført for å hindre spreiing av viruset.

For å oppretthalde politisk medverknad legg saka opp til at formannskapet blir gitt fullmakt til å styre Bjørnafjorden kommune på vegne av det direkte folkevalde organet, kommunestyret, i den perioden pandemien står på. Det er i vedtaket lagt inn ei begrensing om at denne fullmakten ikkje gjeld lengre enn 15. august 2020. Om situasjonen varer lengre enn dette vil kommunestyret på ny bli innkalt for å eventuelt fatte eit nytt vedtak om utvida fullmakter til formannskapet.

Samstundes er det viktig at kommunen har politiske organ som kan ta avgjerd i saker som det er viktig å fatte vedtak i for å unngå at funksjoner i samfunnet som ikkje treng stoppe opp gjer det. Dette kan vere byggeløyver, plansaker m.v.

Kommunedirektøren forslår difor at det kan gjennomførast elektroniske fjernmøter i formannskapet og plan- og bygningsutvalet medan pandemisituasjonen pågår.

Saksframlegget er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. For at vedtaket i denne saka skal vere gyldig, krev kommunelova § 11-8, 4. ledd, at samtlege medlemmer slutter seg til det framlagte forslaget og at vedtaket blir treft etter skriftleg
sakshandsaming.

Konsekvensar av saka/vedtaket:
Økonomi: Sjølve saka har inga direkte økonomisk konsekvens utover dei økonomisk konsekvensane covid-19-pandemien gir. Det er for tidleg på noverande tidspunkt å seie noko konkret om desse konsekvensane då mykje framleis er uklart både når det kjem til kva støtte staten kjem med og kva dei faktiske utgiftene blir.
Klima: Saka i seg sjølv har inga konsekvenser for klima.
Folkehelse: Saka kan bidra til at vi blir satt i stand til å ta raske, gode avgjer til det beste for helsa til innbyggarane i Bjørnafjorden kommune.

Bjørnafjorden, 20.03.2020

Christian Fredrik Fotland
Kommunedirektør

---------------------------

Felles framlegg til vedtak fra Asle Olsen (SV) og Magne Djuvik (PDK):

- Møter i kommunestyret, formannskapet og plan- og bygningsutvalet blir gjennomført som digitale møter inntil vidare, med den hyppigheita ein treng for å få gjennomført nødvendige saker. Kontrollutvalet og tenesteutvalet bør starte med digitale møter etterkvart om situasjonen vedvarer og administrasjonen har kapasitet til det
- Saker som blir utsett på grunn av dagens situasjon skal informerast om på møtet og kan bli løfta opp på neste møte om eit fleirtal ønskjer det
- Kommunedirektøren skal som hovudregel ta opp saker som har økonomiske disponeringar over 2 millionar kroner til drøfting med formannskapet
- Det skal gjennomførast eit møte i veka der administrasjonen gir gruppeleiarane ei oppdatering om situasjonen
- Kommunestyremøter bør i perioden vere kortare og hyppigare, for å sikre rask behandling av viktige saker og for å unngå lange digitale møter

Vidare så vert representantane i kommunestyret og i utvala oppmoda om å sende inn alternative framlegg til vedtak før møtestart og uttale seg kort og presist for å sikre framdrift i møta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.