Næringsliv | 10. juni 2016

Vilde og Camilla vann innovasjon-million

Camilla Lindelid Strand (30) frå Fana og Vilde Lepsøy (23) frå Os stakk av med førstepremien i Nordic Independent Living Challenge.

Vilde og Camilla vann innovasjon-million
Kronprins Haakon saman med Camilla Lindelid og Vilde Lepsøy. (Foto: Nordic Innovation)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. juni 2016 11:41

Bildeserie:

Vilde og Camilla saman med teknisk sjef i AbleOn, Trond Morten Træen. (Foto: Nordic Innovation)
Vilde og Camilla saman med teknisk sjef i AbleOn, Trond Morten Træen. (Foto: Nordic Innovation)
Høybråten, varaordførar Lindblom frå Stockholm og ordførar Borgen frå Oslo. (Foto: Nordic Innovation)
Høybråten, varaordførar Lindblom frå Stockholm og ordførar Borgen frå Oslo. (Foto: Nordic Innovation)
1 av 2

HM kronprins Haakon overrekte prisen og éin million kroner til Strand og Lepsøy sin innovative produktserie «AbleOn Shower System».

Er du ein problemløysar? spurde Nordic Independent Living Challenge i sin invitasjon til ein konkurranse som handla om å utvikla løysingar som kan hjelpa eldre og funksjonshemma å klara seg sjølv.

I tre fasar har Camilla og Vilde frå selskapet AbleOn Medical AS tatt seg vidare i konkurransen og fått både reiser, rådgjeving, tilgang til ulike nettverk og 300.000 kroner i støtte til utvikling. Forretningsplan er forma og pilotkundar i 4-5 ulike nordiske land har testa systemet.

Av 415 påmeldte sto det til slutt 5 finalistar igjen. Juryen besto av medlemmar frå alle dei nordiske landa, blant anna tidlegare direktør i Innovasjon Norge, Gunn Ovesen.

Det blei delt ut tre prisar, Assistep vann nordic samarbeidspremie og Siren Care vann studentpremie.

AbleOn gjekk heilt til topps og fekk den gjevaste og største.

Delar av juryens begrunnelse (på engelsk):
The team behind the winning solution has dedicated themselves to tackle a big challenge for many people – and at the same time turned their efforts into a new innovative business opportunity.

The winning solution is a user-centric innovation that meets the challenges of the future regarding independent living. It meets the criteria of this challenge competition in every way.

The jury sees a big future market potential for this solution. It has the perspective of reducing enormous costs for municipalities in the Nordic region and the rest of the world. At the same time, the solution also has huge potential in the private market.

Not least: The solution is tackling a challenge that will most likely affect most of us at some stage in life. It will truly prolong people’s possibility to live longer in their own home.

Dignity is the key word for this innovation.

– Det har ikkje heilt gått opp for oss

«Det har ikkje heilt gått opp for oss ennå, men vi har fått champagne og er på sommerfest på Mesh! Hardt arbeid har lønna seg, og vi er så takknemmelige for at juryen har tru på vårt produkt! skreiv Vilde og Camilla på eigen facebookvegg torsdag kveld.»

– Camilla har bachelor i produktdesign og mastergrad i innovasjon og entreprenørskap. Ho var godt i gang med produktutviklinga då eg tilfeldigvis møtte ho i vinter, fortel Vilde til Midtsiden.

Vilde har realfagbakgrunn i tillegg til at ho, blant anna via sitt engasjement i politikken, har erfaring innan organisasjon og leiing.

– Vilde kom inn i dette som ein engel! Vi kjente ikkje kvarandre frå før, men fann raskt tonen. Sidan har ho vist seg å vera utruleg dyktig og engasjert, ikkje berre innan organisasjon, men med teknisk kunnskap og forståing, seier Camilla om sin nye medeigar og nestleiar i selskapet.

Vil beskytta - og produsera

Neste steg for Vilde og Camilla er å møta teknisk team over helga for å utvikla den eine av fleire modular i dusj-systemet klart for serieproduksjon.

– Vi kan ikkje gå ut med så mange detaljar om produktet. Det er ein stor marknad og mykje konkurranse så vi er i ein prosess med å få beskytta nyvinninga vår best mogleg.

– Men vi kan røpa at det er hjelpemiddel til heile dusj-prosessen, med ulike modular etter behos, som kan tilpassast alle bad. Personleg hygiene er noko som er vanskeleg for mange eldre og funksjonshemma, som ofte har ønskje om å gjera dette sjølv. For helsepersonell kan dette også vera ein fysisk vanskeleg jobb, med Ableon kan hjelpa både brukar og dei som steller andre.

Meir om saka - eksterne lenkjer:
nordicinnivation.org
Intervju med BT
AbleOn (Facebook)


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.