Vil tryggja skulevegen
Sjå teikningane: Slik kan Hatvikvegen bli frå Solstrandsvegen til Hatvik ferjekai.
Torsdag skal Plan- og bygningsutvalet handsama framlegg om å leggja reguleringsplanen for Hatvikvegen frå Solstrandkrysset til Hatvik ferjekai ut på offentleg ettersyn.
Fylkesvegen manglar i dag gang- og sykkelveg, er av varierande standard og har mange avkøyringar.
– Vegen er i liten grad tilrettelagt for mjuke trafikantar, heiter det i saksframlegget.
Tosidig fortau
Planforslaget vil medføre at barn og unge vil få tryggare ferdselsforhold langs vegen mellomanna gjennom etablering av tosidig fortau i samband med busslommer.
– Dette vil medføra tryggare rammer ved skuleskyss, skriv fagleiar Asle Andås i si vurdering.
Ved Bjørnefjorden Gjestetun er det etablert planskilt kryssingspunkt. Ved profil 1200 er det etablert turveg under framtidig bru. Turvegen er knytt til Midtbøvegen og til gang- og sykkelveg på sørsida av Hatvikvegen.
Omlag 4 kilometer
Den aktuelle vegstrekninga av Hatvikvegen er omtrent 4 kilometer lang. Bruken av areal som grenser til eksisterande veg er hovudsakleg bustader, landbruksområde, naturområde og trafikkareal.
ABO plan & arkitektur har utarbeida planen. Os kommune er forslagsstillar, i samarbeid med Statens vegvesen og Hordaland Fylkeskommune.
Totalt har det kome inn 9 merknadar frå offentlege instansar og 16 private merknader etter at oppstart på planarbeidet først blei varsla og seinare utvida.