Vil tilsetta næringsutviklar
Frp/H/KrF/V vil bruka éin million på næringsutvikling og tilsetja næringsutviklar i kommunen.
Då fleirtalskoalisjonen - Frp/H/KrF/V, presenterte sitt budsjettframlegg i formannskapet tysdag var ei av nyvinningane oppretting av ei ny stilling underlagt rådmannen.
– Vi vil få på plass ein næringsutviklar som eine og aleine skal ha fokus på næringsarbeid, både mot det eksisterande næringslivet i Os, men også mot aktuelle bransjer for å tiltrekka seg næringsverksemd, fortalde Terje Søviknes (Frp) då han presenterte framlegget.
I framlegget peiker koalisjonen på ei bestilling dei kom med i samband med budsjettet for 2015, men som ikkje har kome som sak til kommunestyret.
«Koalisjonen vil på denne bakgrunn setja av kr 1 000 000 årleg til ei meir offensiv næringssatsing i Os kommune. Vi meiner det no er rett at vi får inn ein person i organisasjonen som har næringsutvikling som sitt einaste fokusområde.
Lyseparken har stort potensiale for etablering av nye verksemder, ekspansjon for Os-bedrifter og nye arbeidsplassar. Det same har Os sentrum knytt til satsinga i Liv på Øyro-prosjektet. I tillegg ligg det i kommunen fleire mindre private næringsområde og -bygg som har potensial for auka aktivitet.
Næringsutviklar/næringsutvikling
Koalisjonen vil frå 2016 etablera ei ny stilling som næringsutviklar i Os. Funksjonen skal rapportera direkte til rådmannen, og arbeida tett med administrativ og politisk leiing, utviklingsdirektør for Lyseparken, Business Region Bergen og Formannskapet som ansvarleg næringsutval.
Arbeidet skal rettast både mot vidareutvikling av lokal næringsliv, og etablering av nye verksemder i kommunen. Basert på dei regionale næringsplanane for Hordaland og Bergensregionen bør det også utarbeidast konkrete strategiar og tiltak for næringsutviklinga i Os kommune i eit 8-10 års perspektiv.
Samla sett FrP/H/KrF/V av kr 1 000 000 pr år til tiltaket.», heiter det i framlegget.
– Det blir særdeles viktig å køyre ein god rekrutteringsprosess, slik at vi finn rett person, med det rette kontaktnettet, kommenterte Søviknes.
Partia har òg lagt inn ei støtte til Os Næringsråd på 50 000 kroner for å stimulera til vidare oppbygging av rådet.