Sport | 14. des. 2017

Vil spela sjakk mot 15 på same tid

Os Sjakklubb, som nyleg stilte med sju ungdomar i turnering, vil visa seg på Amfisenteret i dag.

Vil spela sjakk mot 15 på same tid
Desse sju konkurrerte i Bergen i november. F.v.: Johan, Hans-Martin og Stein Inge, Dmytro, Anastasya, Jonah, Benjamin og Jonathan. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. des. 2017 12:24

Os Sjakklubb, som blei etablert i vår, prøver seg på eit stunt på AMFI Os torsdag ettermiddag. Ein av instruktørane, Dmytro Ostanin, vil spela simultansjakk mot 15 motstandarar.

– Vi har rigga 15 bord, men har berre 11 påmeldte, inkludert eg og Kay Even Hægland, så det er framleis plass til fire til, seier Daniel Skotheim.

Næringssjefen var privat initiativtakar til å få klubben etablert.

– Det blir premie til den første som slår Dmytro, eventuelt til den som held ut lengst. Det siste scenarioet er nok det mest realistiske.

– Kjekt bidrag!

Senterleiar Silje Lygre fortel at dei sponsar aktiviteten med premie, eit gåvekort på 1000 kroner.

– Vi har hatt ein god start på julehandelen, med vekst frå i fjor, og høg aktivitet med jungeldyra (sjølvkøyrande «syklar») og i nissekroken.

– Det er stas at lokale lag ønskjer å laga litt action her, dette blir nok spennande å følgja med på.

Sonen til Søviknes skal i elden

I går hadde Os Sjakklubb intern test av simultansjakk.

– Dei to som heldt ut lengst, Benjamin Ravnskog Bye og Jonah Askeland Søviknes, blei tatt ut til å delta også i dag, fortel Skotheim.

Bye og Søviknes var blant sju frå Os som deltok i turnering i Bergen siste helga i november.

Der tok Benjamin 2. plass i nybyrjarklassen.

Dei andre deltakarane var: Jonathan Rød, Johan Kristian Storebø, Anastasiya Ostanina, Hans-Martin Andersland, Stein-Inge Andersland.

Her er komplett resultatliste

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.