Sport | 24. nov. 2014

Vil skapa sterke fotballspelarar

Kjersti Tysse Plätzer, Hassan El Fakiri og Endre Brenne er blant trenarane når Os Fotball inviterer til fotballakademi om morgonane gjennom vinteren.

Vil skapa sterke fotballspelarar
– Vi skal bruka ribbeveggen òg, seier Kjersti Tysse Plätzer. Her saman med Endre Brenne, ein av instruktørane på fotball-delen av akademiet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 24. nov. 2014 14:17

I dag sender Os Fotball ut invitasjon til fotballspelarar frå 7. til 10. klasse, gutar og jenter, blant eigne medlemmar og medlemmane i Os sine allianseklubbar i kommunen.

Os Akademiet består av to økter i veka, 24 morgonar gjennom vinteren, frå måndag 12. januar.

– Torsdag blir fotballdagen, med Hassan El Fakiri, Endre Brenne, Ørjan Håland og Lars Bakkerud som instruktørar på kunstgraset. Måndagen blir basistrening med meg i Oshallen, fortel Kjersti Tysse Plätzer.

Forutan sølv i OL i 2000 og 2008, og 47 (!) NM-titlar i kappgang, har Kjersti ulike trenarkurs og utdanning som personleg trenar (PT) via Norges Idrettshøgskole. Ho jobbar som PT og lærar på ungdomstrinnet, blant anna med valfaget «fysisk aktivitet og helse».

– I tillegg til fart, eksplosivitet og styrke med eigen kroppsvekt skal vi ha fokus på koordinasjon, balanse og skadeforebygging. Viss ikkje du har koordinasjon og balanse UTAN ball, er det mange fintar og vendingar du kan gløyma å gjennomføra MED ball. Dagens toppspelarar er dessutan i svært god fysisk form og eg vil gjera mitt beste for å skapa ein sterk og gjennomtrent gjeng av dei som deltar på akademiet.

Teknikk og individuelle eigenskapar

Brenne fortel at Os Fotball har jobba ei stund med ideen om eit akademi, ei tilleggstrening for dei som vil noko ekstra.

– Ved å legga det til to økter om morgonen før skuletid så får spelarane sjanse til å restituera seg til fellestrening med laget på kveldstid. Samtidig gjer det noko med innstillinga di når du som ungdom står opp ekstra tidleg for å trena, meiner han.

På banen skal det blir fokus på teknikk og forståing, i stasjonar med korte, intense økter.

– Vi lager ikkje akademi for å dela deltakarane inn i grupper og spela. Noko spel blir det, men her er det éin og éin som skal bli betre og smartare med og utan ball.

Os Akademiet har kapasitet til 40 deltakarar.

– Vi vil ha foreldremøte når det nærmar seg. Dette med søvn, mat, hygiene og utstyr blir viktig. Øktene startar klokka 06.45 og held fram til nærmare klokka 8. Deltakarane må eta før trening og etter trening, møta opplagt og rekka ein kjapp dusj før skulen startar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.