Vil sjekka 3900 kvinnebryst
Frå 2. januar får 1950 Os-kvinner tilbod om mammografiundersøking.
Alle kvinner i Os kommune fødd 1945-1964 vert invitert til mammografiundersøkelse frå 2.1 - 26.3.2014. I alt 1950 kvinner vil få invitasjon til å undersøke brysta i mammografibussen ved Kyrkjetunet i Os sentrum.
– Dersom det vert behov for tilleggsundersøkingar, vil kvinnene verte kalla inn til Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssjukehus, fortel leiar for mammografiprogrammet, Solveig Hofvind i ei pressemelding.
Brystkreft
Brystkreft er den hyppigaste kreftforma blant kvinner i Noreg, og utgjer i dag om lag 22 prosent av alle krefttilfella hos kvinner. I år 2010 fekk 2839 kvinner diagnosen.
– Mammografiprogrammet oppdagar om lag 1000 nye brystkrefttilfeller per år, dei fleste i eit tidleg stadium, seier Hofvind.
Mammografiprogrammet
Mammografiprogrammet er det offentlege tilbodet til kvinner i alderen 50-69 år om mammografi annankvart år. Tilbodet gis i tråd med internasjonale anbefalingar. Regelmessig mammografi er i dag den viktigaste metoden for å oppdage svulstar i eit tidleg stadium. Tidlig oppdaging gir ofte betre overleving, og aukar sjansane for meir skånsam behandling.
I mammografiprogrammet kvalitetssikras tilbodet ved at alle bilete tydes av to røntgenlegar. Dersom brystkreft oppdagas, er rutinemessig oppfølging sikra ved det brystkreftdiagnostiske senteret.
Programmet er eit samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet, Kreftregisteret, Statens strålevern, Nasjonalt folkehelseinstitutt og helseforetaka. Målsetnaden for programmet er å redusere dødelegheita av brystkreft blant kvinnene som inviteras. Oppmøtet i Mammografiprogrammet er om lag 76 prosent på landsbasis.
– I sist runde møtte 81 prosent av kvinnene frå Os kommune, avsluttar Hofvind.