Vil senka farten
Farten i Gåssandvegen reduserast til 30 km/t inn til Haukeland. Samstundes vil Plan- og bygningsutvalet laga fem fartsdumpar.
Plan- og bygningsutvalet handsama onsdag ein forespørsel frå fleire av bebuerane langs Gåssandvegen på Søfteland om å få redusert hastigheiten og anlegga fartshumpar mellom fotballbana og ferista inne på Haukeland. Delar av strekninga har 30 km/t-sone i dag, medan andre delar av vegen har 80 km/t.
Vegen Gåssandvegen med sidevegar er smal og knapt nok egna som gangveg. Her er mykje trafikk og til dels store bilar. Mange langs vegen har ikkje skuleskyss og det er derfor ein del skuleborn som går her dagleg. Vegen går og til og langs fotballbanen der mange born ferdast, skriv mellomanna Kristi Runi Huse, prosjektingeniør i Os kommune i saksutgreiinga.
Køyrde i 30 km/t
Plan- og bygningsutvalet tok ei synfaring før dei gjekk til vedtak.
- No har vi som var med på synfaringa prøvekøyrd vegen i 30 km/t.
- Posisjonen vil foreslå fire fartdumpar og ikkje seks som administrasjonen foreslår i sitt framlegg, fortalde Gustav Bahus (Frp).
- Dette vil vi gjera først og fremst for å sikra skulevegen og farlege utkøyringar.
- Å ha 10 fartdumpar som naboane har beden om finn vi uhensiktsmessig, argumenterte Bahus.
5 er passe
Terje Sperrevik (TvS) var einig i at 10 kunne vera litt mykje.
- Eg har høyrt argumenta, men eg kunne tenkje meg fem slik at vi fekk ei fartsdump ein eller annan plass midt på strekninga òg, argumenterte Sperrevik.
Dette fekk han støtte frå utvalet på.
Saka sendes no politiet for godkjenning. Trafikktryggleiksutvalet i kommunen vil vurdera søknaden om vegljos og spørsmålet om utbetring/sikring av rekkverk/fortau langs brua over Oselva ved Stilvoll.