Vil selja street wear og italiensk mote i Brugata
Ekteparet Tanya og Kay André opnar butikk i Os sentrum.
I lokalet som i starten på 90-talet husa butikken Chins er det igjen tid for moteklede.
I førre veke overtok dei delar av lokalet, som G-sport hadde til 2013, i november vil ekteparet Tanya og Kay André Dysvik opna herre- og damemotebutikk i Brugata.
– Vi har hatt lyst til å starta noko eige ei stund, Tanya kjem dessutan frå ein gründerfamilie, fortel Kay André.
Tanya jobba i foreldra sin motebutikk heime i Ukraina. I 2011 flytta ho til Noreg og har sidan jobba med danske interiørvarer på butikken Illums Boligus i Bergen.
Klede til fest og fritid
Butikken skal heita «Dysvik Clothing» og skal by på klede til unge vaksne og oppover i alder.
– Vi har fått sikra oss ei rekkje leverandørar, blant anna Vans, Lee, Adidas og Fila, som er veldig i skotet igjen.
– Eg har dessutan fått avtalar direkte med nokre italienske leverandørar og vil importera nokre merke som er store i Europa, men som eg ikkje trur andre i Noreg har i utvalet sitt, seier Tanya.
På heimebane
Ekteparet er allereie svært nøgd med husverten (Joagruppen), der dei føler dei er fint mottatt og har fått god hjelp.
– Lokalet er på rundt 100 kvadratmeter og ser allereie bra ut. No vil vi bruka ein god månad på innreiing og satsar på opning i siste halvdel av november.
Kay André er frå Fusa og jobbar på Frank Mohn på Venjaneset, men har budd i Os sidan 2008.
– Eg liker meg her og er synest det skjer mykje spennande i Os sentrum for tida. Med nyoppussa hovudgate og fleire nye butikkar på gang trur eg det er godt grunnlag for handel også i åra som kjem.
Ekteparet blei foreldre for 1,5 år sidan og ser begge fram til at Tanya får kortare veg til og frå jobb.