Vil selja scooterar til osingar
Via nettet har han allereie selt scooterar til Oslo og Lofoten. No startar Gunnar Nygaard utsal og verkstad i Industrivegen.
- Eg starta bedrifta saman med sonen min og medeigar Martin Nygaard i desember, men det har tatt tid å koma skikkeleg i gang, fortel eigar av Scootershop AS, Gunnar Nygaard.
Litt forseinkingar
Etter ein del forseinkingar held Gunnar og Martin no på å koma på plass i lokalet i Industrivegen.
- Offisielt flytta eg inn i det nye lokalet i januar, men det har tatt tid for den førre leigetakaren å flytta ut.
- I tillegg har leveransen på scooterar vore tre månadar for sein, men dei er no venta inn i juni.
Nygaard har tidlegare hatt firmaet Bergen Lystbåtservice AS, som han selde i 2007, og byrja då å arbeida for Aktiv Fritid.
Fann rette merket
I fire år har han hatt ansvaret for scootersalet til Aktiv Fritid, og då han valde å starta for seg sjølv tok han med seg agenturet.
Nygaard brukte to år på å finna scootermerket han ville selja, og endte opp på merket Sonik.
- Det er fleire grunnar til at eg valde det merket, kvaliteten er god, scooterane er god å kjøra og prisen er lav.
- Ein scooter til vel 11.000 kroner er jo samme pris ein betalar for ein god trøsykkel.
- Og så er det så billige delar at folk ler når dei skal betala. Eit nytt spegl, for eksempel, kostar 25 kroner, smiler Nygaard.
Ønskjer kundar frå nærområdet
Det er ikkje berre scooterar ein kan få tak i om ein tar turen til Scootershop. Her sel dei også mopedar, påhengsmotorar og hagemaskiner. I tillegg tar dei reparasjonar.
- Og så har eg planar om å utvida med minidumparar.
Sjølv om bedrifta så langt ikkje har dreve med særlig aktiv marknadsføring har det allereie blitt selt fleire scooterar.
- Vi har selt scooterar både til Oslo og Lofoten gjennom internettsida vår, men no håpar vi på å selja meir til folk i nærområdet, seier Nygaard.