Lokal | 14. jan. 2016

Vil rusta opp Tellevika

– Vi vil gjere Tellevika endå betre for dei som nyttar området, seier Tor Inge Døsen.

Vil rusta opp Tellevika
Tellevika skal rustast opp når OHARA-prosjektet er ferdig (foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandtorsdag 14. jan. 2016 21:04

Etter Ohara-utbygginga vil kommunen i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) rusta opp Tellevika.

– Vi ønskjer å «stæsja opp» området der nede. Det er alt i dag eit populært område for dei som bur der, og fleire vil det nok bli.

– Vi ser for oss litt større grasbakke og tumleplass bak stranda. Kanskje også toalett, seier Døsen.

Bli betre

– Vi vil ikkje leggja til rette for storinvasjon der nede med stor parkeringsplass og slikt. Dei fleste som nyttar Tellevika kjem til fots og bur i nærområdet.

– Det kan nok bli litt større tilstrauming når vi har oppgradert forholda, men målet er ganske enkelt at det skal bli enda betre å opphalda seg der, seier han.

Interessant bustadområde

Overskotsmassar frå Ohara skal nyttast i fleire store prosjekt.

Mykje blir plassert i Greidalen, der utfyllinga vil danna solen i eit spennande bustadprosjekt som vil koma der.

– Akkurat i den saka står vi litt på terskelen til å laga detaljreguleringsplan. Vi har også vore i kontakt med HLM Arkitektur om å laga teikningar.

Ny fotballbane

Ein del massar skal også få ny tilhaldsstad på Nore Neset.

– Nore Neset idrettslag skal til med å laga fotballbane nummer to. Kommunen sitt bidrag til dette prosjektet er stein. Etter planen skal vel fotballbanen vera klar i løpet av sommarhalvåret, fortel Døsen.

– Resten av overskotssteinen vil vi lagra i deponiet vårt i nærleiken av Tøsdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.