Vil reisa seg mot Åsane
I morgon speler handballdamene til Os første heimekamp på 40 dagar. Madeleine Hjertnes, som er tilbake etter langt skadeopphald, er blant dei som vil ta revansje over Åsane.
Handballdamene til Os har starta vårsesongen med tap for serieleiar Jotun (25-21), men også med flotte sigrar over Kjøkkelvik (21-12) og Førde (29-20).
– Det var godt å få Madeleine tilbake, ho var knallgod i kampane i Sogn, seier trenar Erlend Lyssand.
Madeleine skadde seg i serieopninga mot Bjørnar, men har tydelegvis takla det fleire månadar lange skadeopphaldet godt.
Laurdag tar Os imot Åsane, eit lag Os sleit mot på bortebane i haust.
– Vi kom aldri med i kampen, låg under med 6-7 mål, klarte så vidt å henta oss opp til uavgjort, men tapte til slutt med to mål, minnast Lyssand.
– Vi var veldig skuffa over oss sjølv etter kampen og ser fram til å få sjansen til revansje i Oshallen i morgon.
Os har hatt nokre spelarar ute med skade og influensa, men Lyssand har no ein frisk og speleklar stall å plukka spelarar frå.
Kampen startar klokka 16.00