Vil overta etter Per Sandberg
Kan gjera comeback: Terje Søviknes har takka ja til å bli spelt inn som kandidat til å bli nestleiar i Frp.
Terje Søviknes, som sat som 2. nestformann i Frp frå 1999 til 2001, blir spelt inn til sentralstyret som kandidat til å overta som nestleiar etter avtroppa Per Sandberg.
– Eg er takksam og glad for tilliten, og etter ei tid med nøye vurdering har eg valt å takka ja.
– Eg kjenner at eg er verkeleg motivert for å gjera ein jobb i rikspolitikken igjen, seier Terje Søviknes til Midtsiden.no.
Blir verande i Os
Om Søviknes får nestleiar-vervet vil han bli verande i Os og i stillinga som ordførar.
– Eg har ikkje hatt ønskje om å koma på stortinget, å bli vekependlar til og frå Oslo med to ungar på 6 og 9 år heime er eg ikkje interessert i.
– Dette er noko anna. Men det blir naturlegvis ein del oppdrag i Oslo for ein nestleiar òg, så om eg blir valt så må eg nok seia frå meg eitt og anna styreverv eg har fått via mi rolle i fylkeskommunen.
– Kva med regjeringskabalen, då den blei lagt. Var nokon i Oslo i kontakt med deg?
Søviknes får eit lurt blikk, men vil ikkje seia om han fekk tilbod om noko statsrådpost.
– Eg kan seia at eg var i samtalar med dei i Oslo, noko meir vil eg ikkje kommentera.
Ein utanfrå?
Det er landsmøtet til Frp til våren som formelt takka Sandberg for innsatsen og finna ein erstattar.
Partiet har naturlegvis plassert mykje godt mannskap i regjering og i komitear på Stortinget, men nestleiarposisjonen let seg ifølgje Søviknes fint kombinera med ei av desse rollene.
Og med jobben som ordførar.
– Eg reknar med at justis- og beredskapsminister Anders Anundsen, som har gjort ein kjempegod jobb i kontroll-komiteen, er ein god og aktuell kandidat. Men det kan også henda at dei vel ein frå utsida av regjering og storting, ein med erfaring frå kommunal sektor.
– Men eg går uansett inn i dette med låge skuldre, eg har ingenting å tapa. Då eg i 2010 tapte for Bård Hoksrud i avstemminga omplass i sentralstyret blei eg skuffa, det er noko anna no, seier Os-ordføraren.
Hoksrud, som i 2010 vann på å vera trufast mot Frp sitt nei til bompengar, sit no som statssekretær i samferdselsdepartementet.