Vil oppretta kulturprogram
Formannskapet lei av å tildele midlar tilfeldig, no vil Frp/H setja av inntil éin million til kulturtiltak og innføra søknadsfrister.
I kvart budsjett får formannskapet eit disposisjonsfond som kan nyttast slik utvalet ønskjer, mellomanna til å støtta festivalar, kulturarrangement og liknande. I 2012 har mellomanna Osøren Jazz og Bluesfestival, filmfestivalen 60 gradar Nord, WT Litteraturfestival, Søfteland Rock n LOL og Havfest fått 100 000 kroner kvar frå desse midla.
Mest kvar gong dei har fått ein søknad om midlar har diskusjonen fort dreid seg inn på at ein burde få desse tildelingane inn i fastare rammer.
- Frp/H vil difor etablera nyskapinga kulturelt utviklingsprogram for Os, KUP Os og settja av ei maksimal ramme på éin million kroner for 2013, forklarte Terje Søviknes (Frp) då han presenterte posisjonen sitt budsjettframlegg sist tysdag.
Søknad to gonger i året
Millionen vil Frp/H ta frå disposisjonsfondet.
- Vi ser for oss at KUP Os blir organisert slik at lag og organsiasjonar kan søka to gonger i året.
Posisjonen ønskjer ein søknadsfrist tidleg på våren og ein tidleg på hausten. Søknaden om støtte til særskilte kulturtiltak skal rettast til kommunen og få ei fagleg vurdering frå kultureininga før endeleg handsaming i formannskapet.
Om rådmannen sitt framlegg til budsjettforslag går igjennom er formannskapet sitt disposisjonsfond for 2013 på 2,8 millionar kroner.