Vil opna for fleire rorbuer
Kan utleige av rorbuer skapa ei ny næring i Osbygda? Politikarane vil legga tilrette for det i den nye arealplanen.
Då plan- og bygningsutvalet diskuterte planprogrammet for den nye arealplanen blei utnytting av areal mot sjøen eitt av tema det blei mest diskusjon rundt.
– Vi har tatt vekk setninga om at strandsonen er ein viktig ressurs som ikkje må byggjast ned. Vi er einige i at vi skal vera restrektive, men det treng ikkje stå der, innleia Gustav Bahus (Frp) før han lanserte ideen om rorbuer for sal og utleige.
– Om det kan skaffa arbeidsplassar så er det greitt. Men det må vera til utleige. Då kan eg vera med. Det blir ei tilsniking om du lager rorbuer og sel dei, meinte Harald Døsen (Ap).
Reknar med motstand
Også Terje Sperrevik (TvS) kunne vera med på ideen.
– Vi har nokre område som er eigna. Eg kan vera med på å legga dei inn, men trur vi kan møta stor motstand frå overordna styresmakter, kommenterte Sperrevik.
Vil ikkje gjera som på Austevoll
Gustav Bahus svarte Døsen med å visa til Austevoll.
– Der lagde dei rorbuområdene som næringsareal som ikkje skulle kunna selgjast. Det blir omgått ved at folk skriv leigekontrakter på ei krone med 100 års lengde.
– Vi ønskjer i størst mogleg grad å halde oss til områder i gjeldande plan, men òg opne for nokre nye og at det opnast opp både for sal og utleige. Vi ønskjer å koma ut av det uklare farvatnet vi er i no og ikkje produsera smutthol, som dei har gjort på Austevoll, forklarte Bahus.
Vil sikre samsvar
I tillegg til å opna opp for rorbuer vil Bahus legga inn hamneområde framfor alle eksisterande og nye naustområder.
– Slik det er i dag kan du mange stadar ikkje ha kai eller flytebrygge framfor naustet ditt, poengterte Bahus.
– Det vi ønskjer er at det skal vera samsvar mellom arealet på land og på sjø, supplerte Espen Aspenes (Frp).
– Vi må berre sørgja for at det ikkje blir til hinder for naboane. Ellers trur eg at det at folk får laga ei brygge vil gjera det tryggere for dei som skal ut i båt, kommenterte Døsen.
Vil kunne opne 100 metersbeltet
I tillegg til å diskutera rorbuer og hamneområder peika politikarane på at ein no måtte få på plass kartlegginga av den funksjonelle strandsona.
– Den forrige arealplanen blei godkjent under forutsetning av at dette skulle bli gjort. Når vi no skal gjera det må vi konsentera oss om det som er vesentleg som tilgang og bruk, ikkje det økologiske livet i strandsona, meinte Aspenes.
– Funksjonell strandsone trudde eg vi hadde fått gjennomført. Men vi må sjå på beltet, nokre stader kan du nok byggje nærare strandsona enn 100-metersbeltet, medan det er andre stadar ein må halda dette. Dette må vi få kartlagt, kommenterte Terje Sperrevik.