Vil lysregulera gangfelt ved Solstrandvegen
Statens vegvesen ber Os kommune om uttale i samband med trafikksikring på Hatvikvegen.
Statens vegvesen ønskjer å sikra forholda for fotgjengarar ved å signalregulera gangfeltet på fv557, Hatvikvegen, ved Stølsvegen og Solstrandvegen.
Det er et rekkefølgekrav i reguleringsplan «Solstrandvegen» som krev lysregulert fotgjengerovergang. «Det skal bygges et nytt boligfelt i nærheten som også vil påvirke trafikkbildet» skriv vegvesenet i brev til Os kommune.
Der ber seksjonssjef Sindre Lillebø i plan- og forvaltningsseksjon Bergen om uttale frå Os kommune og frå politiet i saka (med svarfrist 29/4).
Gangfeltet vil få universell utforming. Anlegget blir trafikkstyrt med deteksjon av kjøretøy og trykknapp for fotgjengere.
Hatvikvegen har ein årsdøgntrafikk på om lag 6500 køyretøy.