Vil legga ned skattekontoret
Skatteetaten vil slå saman 107 kontor til 53, dermed forsvinn Skatt Vest sitt kontor i Os til Bergen.
Skatteetaten fekk i februar i oppdrag å utgreiie organiseringa av Skatteetaten. Onsdag leverte dei si innstilling til Finansdepartementet.
I rapporten foreslår dei færre og større einingar kor dagens 107 kontor blir til 53. Blir den nye strukturen vedteken vil det i Hordaland bli att fire kontor, i Knarvik, Voss, Nordheimsund og Bergen. Det tyder at kontoret på Os blir slått saman med Bergen.
– Vi ser at det å vera fysisk tilstades i dag er mindre påkrevd for vår informasjon, rettleiing og kontroll av skatteyterane. Ved å slå saman skattekontor, får Skatteetaten større fagmiljø som er betre skodd til å løyse skatteutfordringane i samfunnet, seier skattedirektør Hans Christian Holte i ei pressemelding.
Byggjer sterke kompetansemiljø
Å bekjempa økonomisk kriminalitet og arbeidsmarknadskriminalitet, styrke identitetsforvaltninga og sikre rett skatt i ein globalisert og digitalisert økonomi er prioriterte områder for Skattetaten. Dette krev nye måter å jobba på. Skatteetaten er difor i gang med å bygga opp sterke og gode analysemiljø.
– Vi ser at slike tverrfaglege miljø må ha ein viss størrelse for å kunne fungera godt. Større fag- og kompetansemiljø i alle landsdelar skaper også grunnlag for bærekraftige kontor over tid, noko som legg til rette for å flytta oppgåver ut av Oslo, argumenterer Holte.
Halvert på fire år
Dei siste 10-15 åra har størstedelen av skatteprosessen blitt digitalisert, både for skatteytarar og etaten sjølv. Dei siste fire åra har fysiske besøk på eit skattekontor blitt nær halvert. Det er kun for å få utført identitetskontroll ein må møta personleg på eit skattekontor. To av ti som besøker eit skattekontor er der for å få gjennomført ID-kontroll. Åtte av ti som besøker kontoret kan få løyst desse oppgåvene på andre måter.