Vil krevja politiattest
Regjeringa foreslår innføring av krav om politiattest i helse- og omsorgstjenesta. – Det vil gje auka tryggleik, seier Laila Reiertsen.
Regjeringa kjem med forslag om krav om politiattest i den kommunale helse- og omsorgstjenesta.
– Dette vil gje auka tryggleik for både pasientar, brukarar og pårørande, seier stortingsrepresentant og fraksjonsleiar i Familie - og kulturkomiteen, Laila Reiertsen (Frp) frå Os.
– Det er viktig at brukarane har tillit til personell som yter tenester i den kommunale helse- og omsorgstjenesta. Dei som mottar slike tenester har ofte dårleg helse. Mange mottar også tenester i sin eigen heim. Det gjer dei meir utsett for personell som har ønskje om å stela eller utnyta dei på anna vis.
Kravet inneber at alle som skal yta kommunale helse- og omsorgstjenester må legga fram politiattest uavhengig av kva pasient- eller brukargrupper de skal yta tjenester til. Alt personell skal legga fram same type attest.
Politiattesten skal gje informasjon om alvorlege narkotika-, valds- og sedeleglovbrot. Den skal òg gje informasjon om lekamskrenking, ulovlege tvangslovbrot og vinningslovbrot.
Plikta til å innhenta politiattest vil gjelda alle kommunar. Den enkelte kommune kan ikkje sjølv bestemma om den vil innføra kravet eller ikkje.