Vil kjøpa Statoil-tomta
I samband med planlegginga av parkeringshus og eventuell omlegging av Byvegen er Os kommune interessert i å sikra seg tomta på motsett side av vegen.
Os kommune jobbar som kjent med å betra pakeringsforholda og auka kapasiteten på parkering i Os sentrum.
Les òg: Nytt forslag til P-hus
I skissene til nytt parkeringshus er det, i seinare byggetrinn, teikna inn ei oppretting av Byvegen for å gje betre plass til bussterminal og p-hus.
Les òg: Står Statoil i fare?
Midtsiden har fått høyra at Os kommune er interessert i å kjøpa tomta som Statoil ligg på. Ein noko nølande ordførar stadfestar at det er ei viss interesse.
– Vi er i ein prosess med eigar, det er alt eg førebels kan seia, fortel Terje Søviknes.
Eigarar frå Bergen
Grunneigar er eit dotterselskap av Midgard Gruppen AS. Dei kjøpte tomta av Tide for rundt 5 år sidan, og eigde tidlegare også Kaien og Peppes-bygget (som no er selt tilbake til dei lokale eigarane av Peppes/Bjørnefjorden Pizza AS).
– Vi har ikkje signal på at Statoil vil vekk, sa medeigar i Midgard Gruppen, Ståle Simonsen, til Midtsiden i februar i fjor.
Familien Eidsvik, som driv stasjonen og verkstaden, signerte ny leigeavtale i 2013, men fekk berre signera for fem år.
Kan bli endringar
– Om vi kjøper er det ikkje sikkert at det ikkje er plass til bensinstasjon, men om vi skal søkja om å legga om fylkesvegen så er det enklast om vi er tomteeigar, seier Søviknes.
– Det skal vera bensinstasjonar i sentrum, men form og plassering kan det koma til å bli endringar på. Vi skal også i diskusjonar med Esso kring Europan-teikningane.