Lokal | 25. nov. 2018

Vil kartlegga snarvegane til ungane dine

Engasjerer elevane i Os: Barn og unge har rett til å bli høyrde i kommunen si arealplanlegging.

Vil kartlegga snarvegane til ungane dine
Har du ein sti eller snarveg som betyr mykje for deg? Her er Elvedalen mellom Gjelevika og Kobbavågen. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 25. nov. 2018 11:08

Kartlegging av «barnetråkk» i Os kommune er i gang

-Vi veit kor hjorten ferdast og kor elvemuslingar og augestikkarane held til, slik at vi tar omsyn til dette når vi planlegg utbygging og utvikling av areal i kommunen vår, seier prosjektansvarleg for barnetråkk-kartlegginga i Os kommune, Mathilde Ilper Johnsen.

– Men kva med stiane og snarvegane som ungane våre brukar? Kva om vi gir byggeløyve rett over ein mykje brukt snarveg eller i ein god klatreskog, rett og slett fordi vi ikkje visste om stien eller trea?

Barn og unge har lovfesta rett til å medverka og bli høyrde i lokalsamfunnet.

Vil nå ut til alle elevane før nyttår

Barnetråkk er eit digitalt verktøy og undervisningsopplegg som let barn fortelle planleggarar, kommunen og lokalpolitikarar korleis dei brukar staden der dei bur og kva dei vil ha annleis.

barnetrakk.no er det eigne informasjonssider for både lærar, elev og planleggar.

Alle elevar i 5. og 8. trinn på skulane i Os kommune er inviterte til å vera med å registrera kor dei ferdast i kvardagen, og markera hyggelege, fine og mindre fine område dei ferdast i og forbi.

– Dette er viktig detaljkunnskap for alle som lagar arealplanar.

Mathilde Ilper Johnsen har alt vore ute på nokre skular og gjennomført registrering av barnetråkk saman med elevane, og har som mål å nå over alle skulane innan nyttår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.