Lokal | 11. sep. 2013

Vil ikkje ha hall

Rådmann Knut Terje Rekve vil ikkje gjera investeringar på kulturområdet. Signalet om at han ikkje vil byggje ny hall på Kuventræ får idretten til å reagera.

Vil ikkje ha hall
Rådmann Knut Terje Rekve signaliserar at han ikkje vil tilrå investering i ny hall på Kuventræ (foto: Kari Marie Lyssand Austevoll)
Andris Hamreonsdag 11. sep. 2013 15:23

I formannskapet onsdag ba rådmann Knut Terje Rekve om ordet under politisk kvarter for å lufta tanker omkring investeringsbudsjettet for 2014.

– Det er eit betydeleg press frå einingane om å få opp antal årsverk. Vi har ikkje helde sama takten som folkeveksten.

– Samstundes er det òg eit betydeleg press på investeringsbudsjettet, kor vi snakkar kanskje om ein kvart milliard totalt sett.

– Gjer eg eit tankeeksperiment så tilsvarar kva 10 million vi investerar eitt årsverk. Det betyr at med dei innspela som har kome så langt så snakkar vi om ein reduksjon på 20 - 30 årsverk.

– Då har eg vanskeleg å foreslå investeringar av typen "nice to have", fortalde Rekve.

Går mot politiske ønskjer

Han vil framleis investere på det han omtalar som dei tunge tenesten; skule, barnehagar og eldreomsorg.

– Kva prosjekt, som det har vore politisk ønskje om, ser du for deg, undra Jon Sivert Rykkel (V).

– Eg tenkjer på eindel prosjekt innan kultur som det kanskje ikkje er tiden for til neste år. Lengre enn det vil eg ikkje gå, svara rådmannen.

50% under landssnittet

Rådmannen si manglande vilje til å investera i ny idrettshall får dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält, til å reagera.

– Eg har dokument på kontoret som syner at Os kommune ligg 50% under landgjennomsnittet når det gjeld anlegg.

– At rådmannen no flaggar sitt syn er så, men då vil eg berre minna om at politikarane lova ny hall både i valkampen og i samband med budsjettvedtaket i desember i fjor.

– Situasjonen i høve hall er kritisk. Både vi òg andre idrettar lir under mangel på flater. Når gymsalen på barneskulen er stengd i fleire veker grunna rehabilitering så har vi ikkje noko tilbud å gje ungane. Så sårbar er situasjonen, påpeikar Parnefält.

Etter det Midtsiden kjenner til skal arbeidsgruppa som utgreiar ny hall på Kuventræ, beståande av politikarar, administrasjonen og representantar frå idretten, levera si anbefaling til rådmannen i løpet av kort tid, slik at denne kan vera med og danna grunnlaget for investeringsbudsjettet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.