Vil hjelpa Filippinene
Tyfonen Hayan har skapt enorme øydeleggingar, tatt fleire tusen liv og sendt over 600.000 på flykt. No blir det innsamlingsaksjon i Os.
Natt til fredag norsk tid kom tyfonen Hayan inn over Filippinene. Med ein fart på rundt 300 km/t førte den med seg 6 meter høge bølgjer.
Store delar av Filippinene, som består av over 7000 øyer, er øydelagt. Over 2000 er omkome og over 600.000 er utan heim. Styresmaktene fryktar at så mange som 10 millionar innbyggarar i 41 provinsar er ramma av tyfonen.
Lokalt initiativ
Fleire nasjonar og dei store hjelpeorganisasjonane rettar naturlegvis fokus på Filippinene etter katastrofa, men også i Os kjem det no ei organisert form for støtte.
Måndag tok osingen Øyvind Hægland initiativ til ei lokal innsamlingsaksjon.
- Etter å ha sett på nyhetssendingane på tv tenkte eg at vi må gjera noko i Os for å bidra, seier Øyvind i ei pressemelding onsdag.
Treng bøssebærarar
Øyvind tok kontakt med blant andre Arne Mæland og Ivar August Bye, og saman har dei planlagt ein aksjon i Os førstkomande fredag og laurdag.
Pengane skal gå til Kirkens Nødhjelp og deira arbeid på Filippinene.
- Vi skal ha en aksjon fredag 15 og lørdag 16. november, og trenger bøssebærere som vil bidra et par timer de to dagene, sier Arne Mæland.
No ber dei innbyggarar i Os melda seg om dei vil stå med bøsse på AMFI Os, i Os sentrum, ved daglegvarebutikkar eller på ferjekaiane i Os.
Aksjonen skal gå frå klokka 14 til 18 fredag og frå 10 til 15 laurdag.
Vil du melda deg som bøssebærar? Kontakt:
Os frivilligsentral, telefon 916 72 910
Os kyrkjekontor, telefon 56 57 24 00