Vil henta osingane med buss
Fjord Line er på turné langs norskekysten. I dag er dei i Os og lager sirkus, og for å fortelja at passasjerane kan bli kjørt heilt til landgangen.
I Egersund, der hovudkontoret til Fjord Line ligg, starta turneen onsdag. Etter besøk i Stavanger og Haugesund kom Fjord Line i dag til Amfi Os for å laga show.
Med hoppeslott og fiskedam for ungar og vaflar, kaffi og quiz til dei vaksne, stima det på med folk i Fjord Line-leieren utover ettermiddagen.
– Vi lanserer denne veka ei bussteneste så folk kan bli kjørt frå Os sentrum, og andre bygdesentrum i Noreg, og heilt ut på kaien der båten går frå, fortel prosjektleiar Kristian Hope.
– Det er ikkje gratis, men passasjerane får både tur torsdag og retur laurdag, og slepp parkering, eller det å gå gjennom Bergen med kofferten.
Viktig marknad
Med seg har han blant andre salsansvarleg for kurs og konferanse, Kennet Smørdal, og bookingansvarleg Silje Søfteland frå Os. Dei jobbar begge for Fjord Line sitt kontor i Bergen.
– Vi har hatt ein fantastisk sommar og er stolt over å invitera osingane om bord i dei nye gassdrivne cruiseferjene våre. Os er ein veldig viktig marknad for oss, seier Smørdal.
Rabatt og gratistur
I ein eigen bås kan du smila deg til rabatt.
– Osingane er lett å få til å smila, spesielt når du snakker om båt. Eg trur ikkje vi har hatt nokon som har smilt seg til 40 prosent rabatt så raskt som her, seier Hope.
I tillegg er det enkelte som får 100 prosent rabatt. Det blir nemleg trekt ut fleire cruise i premie utover dagen, og eit luksuscruise før avreise mot Bergen i kveld.