Lokal | 14. mars 2014

Vil halda seg til planen

Måndag skal formannskapet avgjera type utviding av Kuventræ skule. Administrasjonen kom i dag med sitt framlegg til vedtak.

Vil halda seg til planen
Bilde frå byggestart 10. februar. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. mars 2014 14:29

På kommunestyremøtet i førre veke kom resultatet av anbodsrunden på Kuventræ skule fram: Utvidinga med fire klasserom kom på nær det doble av dei 10,5 millionane som var sett av i budsjettet.

– Årsakene er nok fleire. Kort tid etter at vi vedtok å utvida med to klasserom kom det fram at to av dagens klasserom ikkje er godt nok eigna, dermed auka vi tilbygget til fire.

– I tillegg er nok det at dette er eit hasteoppdrag, og at det nok blir jobbing gjennom heile sommarferien, med å å dra opp prisen, sa ordførar Terje Søviknes til Midtsiden etter møtet.

Kommunestyret tok ikkje stilling til prosjektleiar Tor Inge Døsen sine to alternativ, halda fram trass prisauke eller sjå på ei løysing med modulbygg. I staden vedtok dei å kjøpa seg og administrasjonen litt tid ved å gje formannskapet makt til å beslutta alternativ.

Same bygg til 16 millionar

Måndag skal formannskapet samlast for å avgjera alternativ, i dag kom administrasjonen med sitt framlegg til vedtak:

«Formannskapet gjer etter fullmakt frå kommunestyret vedtak om å avlyse anbodskonkurransen for entreprise sanitæranlegg/varmeanlegg og entreprise for ventilasjonsanlegg og dermed forkaste inngitt tilbod på desse entreprisane. Formannskapet ber administrasjonen straks evaluere og føreta val av entreprenør for dei andre entreprisane: Hovudentreprise, elektroarbeider, sterk og svakstraum, og heisanlegg» står det i framlegget til vedtak.

– Ved å ta enkelte element ut av den opprinnelege prosjektet kan vi bygga det same, men redusera prisen frå 20,7 til 16 millionar kroner, seier Søviknes.

I framlegget står det vidare:

«Formannskapet vedtar endeleg investeringsramme kr 16.000.000 inkl mva for utviding av Kuventræ skule etter alt.1. Formannskapet ber om at skuleutvidinga vert sluttført innan skulestart august 2014. Meirkostnaden på kr 5.500.000 vert finansiert ved bruk av ubundne investeringsfond (som vert omdisponert) samt refundert momskompensasjon frå investeringa.»

– Etter det eg har inntrykk av, etter samtalar med budsjettkameratane våre (Høyre, Venstre og KrF), er dette noko vi truleg vil gå for, avslører ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.