Vil ha trafikksikring framfor bølgjebrytarar
Samarbeidspartia Ap, Sp, Tvs og MDG ville ha meir til trafikksikring og mindre til bølgjebrytarar. Posisjonspartia klarte begge deler.
I budsjettet for 2017 som blei vedteken tysdag kveld hadde fleirtalet beståande av Frp/H/Krf lagt inn 2 millionar kroner i 2017 til styrking av trafikksikringsarbeidet i kommunen og 20 millionar i investeringsbudsjettet til dei siste bølgjebrytarane i Os hamn.
Ei styrking av trafikksikringa var opposisjonspartia med på, men dei ville ta det enno lengre.
– Vi er einige med rådmannen som seier at investeringar må gå til naudsynte saker. Difor legg vi til sides bølgjebrytarane og legg inn meir til trygge skuleveger i staden. Det må vera gangveg på alle skuleveger fram til grensa for skuleskyss, oppsummerte Nils-Anders Nøttseter (MDG) samarbeidspartia sitt alternative budsjettframlegg.
Etterslep på 10-12 millionar
Torunn Øvredal (Tvs) utdjupa det heile ytterlegare.
– Vi treng sterkt auka midler til trafikksikring og trygge skulevegar. Det er eit etterspel på 10-12 millionar på dei kommunale vegane. Den eine millionen som har vore satt av dei siste åra er berre som førstehjelp å rekna. Det er langt fleire vegstrekk enn dei som er så heldige å blir framheva i media som har behov.
– Spesielt må vi sjå på skulevegane, det er viktigare enn bølgjebrytarane. Difor vil vi ta vekk dei 20 millionane til bølgjebrytarane og prioritera 8,5 millionar til trafikksikring i staden.
– La det lukta asfalt og bli lys på alle dei mørke kommunale vegane i kommunen. Vi har tillit til at trafikksikringsutvalet har god oversikt over behova i heile kommunen, sa Øvredal, som òg ville ha kultureininga si prioriterte liste over vegar og parkering i samband med turområda opp att på bordet og foreslo 500 000 kroner til dette arbeidet.
– Det går ikkje å lokka med gode turområder, om ein ikkje har gode vegar, påpeika Øvredal.
Bølgjebrytarane – ei viktig satsing
Emil Tetlie Brimsholm (H) var samd i at skulevegane er viktig, og påpeika at dei har styrka formålet med 2 millionar kroner.
– Eg er utruleg glad for at vi vidareførar satsinga med bølgjebrytarane. Det er utruleg viktig at vi har ei god hamn, det kan gje gode synergiar for både butikkane i Os og reiselivet i Bjørnafjordregionen. dette er ei satsing vi må få til, slik at det blir levande liv der nede. Det er også difor vi foreslår å oppretta ei ressursgruppe for Os hamn, kommenterte Brimsholm.
Ressursgruppa, som blei vedteken med 22 røyster (Frp, H, Krf, V) får som mandat å gje innspel til områdeplanen for Osøyro i høve utvida og ny aktivitet i hamnebassenget og å fremja forslag til utbyggingstrategi og driftsmodell for Os hamn. Gruppa vil bli oppnemnd av formannskapet.