Vil ha sambygdingane med på spleiselag
Håper på å kunna ruste opp Vinddalsvatnet friluftsområde med benkar, sand og grue.
Bjørn Arne Braathen har på eige initiativ stelt friluftsområdet ved Vinddalsvatnet på Søfteland med fjerning av trær, grasklypping og liknande.
Allereie for eitt år siden stilte han spørsmål om ikkje det var kommunen som burde ta vare på det 6,5 mål store kommunale friluftsområde i nordenden av Vinddalsvatnet.
Les: Kven skal stella Søfteland sin badeplass?
– Eg har eigentleg ikkje kome noko lengre med kommunen, så eg held no fram med å klyppa og stelle her nede, fortel Braathen når Midtsiden møter han nede ved vatnet.
Har starta spleiselag
Braathen ser eit stort potensiale i det idylliske friluftsområde.
– Her har vi opp gjennom tidene hatt sommaravslutningar på skulen med grilling og leik, men no treng området ein liten løft. Difor har eg tatt initiativ til ein spleis via facebooksida vi har oppretta for friluftsområdet.
– Tanken er å få grusa oppatt vegen ned frå Internatvegen og å få lagt på litt meir sand i badevikene. I tillegg bør redningsstigen som er her byttast ut.
– Om engasjementet blir stort nok, så kan det kanskje vera mogleg å få satt i stand ei grue heilt nede ved vatnet kor folk kan grilla, få nokre benkar å sitta på og kanskje få til ein flåte igjen, slik som vi hadde for nokre år siden, avsluttar "den frivillige vaktmeisteren" som i løpet av dei seks første dagane har fått inn 7900 kroner i spleiselaget.