Vil ha ny gjennomgang
Til no har det blitt kjørt ei restriktiv linje når det gjeld bruk av fyrverkeri i Os. No vil brannsjef og lensmann gå gjennom eigen praksis på nytt.
Onsdag hadde det nystarta selskapet Røttingen Pyrotekniske informasjonsmøte med demo av fyrverkeri på Ulven.
På informasjonsmøtet stilte fleire frå Os brannvesen, blant anna brannsjef Stein Gjøsund.
– Enkelt sagt fungerer reglane sånn at vi gjev løyve til kjøp av fyrverkeri medan lensmannen gjev løyve til bruk, forklarar Gjøsund.
Til no skal det ha blitt praktisert ei restriktiv linje når det gjeld bruk fyrverkeri utanom nyttårsfeiringa, men nye retningslinjer frå 1. januar 2012 gjer at brannsjefen og lensmann Rasmus Dalen vil ta ein ny gjennomgang.
– Det blir strengare krav til kven som kan skyta opp fyrverkeri og meir omfattande kursing av dei med løyve. Derfor er det naturleg at vi saman ser på saka og bestemmer oss for kva praksis vi i framtida skal gjennomføra, seier lensmann Rasmus Dalen.
– Men sjølv om vi har vore restriktive har det blitt gjeve løyve, for eksempel om det har vore feira større jubileum og dette har blitt feira på hotell eller ved passande selskapslokale, og viss det har vore ei trygg ramme på arrangementet, legg Dalen til.