Vil ha fortau og gangfelt
Plan- og bygningsutvalet: Ved utviding av butikken på Haugsneset ber politikarane om nytt fortau og gangfelt i Hatvikvegen.
I samband med at plan- og bygningsutvalet handsama spørsmålet om ei mindre endring av reguleringsplanen for Hamnevegen - Steinneset kom Terje Sperrevik (TvS) med eit framlegg om å forlenga fortauet på nordsida av Steinneset til å strekka seg oppover Hatvikvegen.
– Vi bør leggja inn krav om at fortauet skal gå litt lengre opp langs Hatvikvegen, slik at det kan etablerast ein overgang også der.
– I dag er næraste overgang nede ved brua, argumenterte Sperrevik.
– Det er ikkje uvettig. Vi bør òg legga inn fortau lang Smiebakken. Det er et trass alt hovudvegen opp til sjukeheimen og ein mye brukt skuleveg, supplerte Ståle Skaathun (H).
Eit samrøysta plan- og bygningsutval gjekk inn for desse to tillegga i føresegnene for utvidinga av delfelt B6 i reguleringsplanen.
– Pass berre på at kryssinga i Hatvikvegen blir lagt slik at ein får ei god siktline også for dei som kjem nedover vegen, påpeika trafikklærar og politikar Arne Bjoarvik (H).
Vil erstatta butikken
Det var ABO Arkitektar som hadde fremja framlegget om utviding på vegne av tiltakshavarane Astrid og Paul Drageset.
Føremålet med endringa er å erstatte dagens Kiwi butikk med ein ny butikk.
For å betre tilhøva for innkjøring frå kryss, parkering og varelevering vil butikk og lager bli flytta lengre bak i skråninga, delvis inn på eigedomane gnr/bnr 63/467 og 514. Desse eigedomane er i dag regulert til bustad i reguleringsplan for Haugsneset- Lurane. I kommunedelplan for sentrum er dette området òg avsett til bustad.
Området plan-og bygningsutvalet gjekk inn for å endra til sentrumsføremål er på omlag 870 m2.