Vil ha båteigarar med i kampen mot hamnespy
Miljødirektoratet ber båteigarane om hjelp mot spreiing av den skadelege framandarten.
Miljødirektoratet ber båteigarane om hjelp mot spreiing av den skadelege framandarten hamnespy, når ein million norske fritidsbåtar no skal ut på sjøen.
– For å hindra at hamnespy spreier seg har det mykje å seia at fritidsbåteigarar no ved sesongstart sjekkar og smører båtane sine, for å fjerna hamnespy og unngå at framandarten får festa seg, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
Ferdast der hamnespy trivst
Hamnespy er ein framand art som truleg har kome til Norge festa til skroget på større skip.
Arten legg seg som teppe på havbotnen og fortrengjer andre artar.
Om han får spreia seg kan det få store konsekvensar for økologien og naturmangfaldet i norske kyst- og havområde.
Førebels er hamnespy funne ulike stader på Vestlandet, og rett utanfor Oslofjorden ved Koster i Sverige.
Fritidsbåtane speler ei sentral rolle.
– Fritidsbåtar utgjer ein risiko fordi dei beveger seg mykje rundt, til hamnar og grunnare område der hamnespy trivst best, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Dette bør båteigarar gjere
Viss båten har lege i sjøen gjennom vinteren bør du sjekke han for hamnespy.
Hamnespy døyr i luft etter ei veke, og i ferskvatn etter seks timar. Er det hamnespy på båten må han derfor takast opp på land.
Det går raskast å spyla og skrapa båten, reingjera teiner og anna utstyr, for så å anten legga hamnespyet i ein behaldar med ferskvatn, eller la det tørka i lufta og døy.
Det er då veldig viktig at spylevatnet og det som blir skrapa bort ikkje renn ut i sjøen igjen.
Båtar og utstyr som stått på land gjennom vinteren er trygge.
Likevel bør båten smørjast med grohemmande stoff, for å redusera risikoen for at hamnespy festa seg når båten kjem i vatnet.
– Gjennom båtsesongen er det viktig å sjekka båten jamleg for hamnespy, og om mogleg gjerne også unngå opphald i hamner på over 24 timar i område der det er funne hamnespy, seier Hambro.
- Les meir om førebyggjande tiltak mot hamnespy, og korleis du kan reingjera båt og utstyr på Miljødirektoratets nettside.
- På Nina.no kan du òg lesa meir - og sjå kart over observasjonar:
Felles plikt å redda norsk natur
Ifølgje Båtlivsundersøkelsen frå 2023, som mellom anna Miljødirektoratet var med på å gjennomføre, er det over ein million fritidsbåtar i Noreg. Kvar fjerde norske husstand har ein eller fleire fritidsbåtar.
Trekkjer vi frå kanoar og kajakkar, som blir rekna for å utgjera mindre truslar for spreiing av hamnespy, så er det rundt 800 000 fritidsbåtar i Noreg.
Flest fritidsbåtar finst i dei fire fylka rundt Oslofjorden, og på Sør- og Vestlandet, som også er dei mest utsette områda for spreiing av hamnespy.
– Aktsemdsplikta i naturmangfaldlova seier at alle har ei plikt til å unngå at framande artar spreier seg. Viss du oppdagar hamnespy skal du gjera tiltak for å redusera risikoen for at arten blir spreidd vidare, seier Ellen Hambro.
Tiltak på gang for større skip
Tidlegare har ballastvatn på større skip bidrege til å spreia framande artar som hamnespy, men dette har dei seinare åra vore regulert med positive resultat.
I tråd med internasjonale tilrådingar sende Sjøfartsdirektoratet nyleg ut forslag om nye reglar som skal hindre at hamnespy og andre skadelege framande artar held fram med å kome til Noreg med skipstrafikk.
Mellom anna blir det stilt krav til reiarlaga om vask av skipa på ein måte som hindrar at artane festar seg på skroget, og som fjernar det som allereie er der.