Vil gjera meir enn å grava
Denne veka starter arbeidet med å legga nytt «bygolv» på Osøyro. No vurderar kommunen å bidra også med aktiviteter for å skapa liv på Øyro.
Under politisk kvarter (der politikarane kan ta opp saker som ikkje står på sakskartet, journ.mrk) i formannskapet tysdag lufta ordførar Terje Søviknes (Frp) tanken om Os kommune skal ta ei meir aktiv rolle i sentrum, også når det kjem til arrangementer og aktivitet.
– Vi hadde eit møte med Os sentrum, som sentrumsforeininga no heiter, i førre veke. Det blei litt for knapp tid for å fremja ein sak til dette formannskapet. Men dei har ei utfordring med å gjennomføra det aktivitetsprogrammet dei har satt seg. Dei har ikkje midler til det.
– Spørsmålet er difor om Os kommune skal engasjera seg også i det å skapa aktivitet på Øyro, ikkje berre på det fysiske i sentrum. Byggjegjerda i samband med legging av bygolvet vil forøvrig komma opp i dag eller i løpet av denne veka, fortalde ordføraren.
Initativet vil vera del av å få til ein aktivitetskalender for Os.
– Vi har nokre midler i driftsbudsjettet for «Liv på Øyro», men det er eit spørsmål om vi skal nytta dei, eller løfte ein sak hit til formannskapet om vi skal, og i kor stor grad vi skal engasjera oss.
– Vi ønskjer jo at det skjer ting, poengterte Søviknes.
Formannskapet tok ikkje stilling til spørsmålet i møtet.