Lokal | 06. des. 2011

Vil gje kommunal kontantstøtte

KrF fekk viljen sin: Os kommune vil tilby foreldra til 2-åringar kontantstøtte.

Vil gje kommunal kontantstøtte
Helge Olav Nygard (KrF) fremja saman med sentrumskoallisjonen forslaget om kommunal kontantstøtte (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 06. des. 2011 23:23

På initiativ frå sentrumskoallisjonen (beståande av Krf, TvS, V og Sp) vedtok kommunestyret tysdag å innføra kommunal kontantstøtte for 2-åringar.

Bakgrunnen for forslaget er at staten har bestemt seg for å kutta kontantstøtta til denne gruppa.

- Når den raud/grøne regjeringa fjernar kontantstøtta, så vil vi fremja forslag om at vi gjev foreldra den valmoglegheiten kontantstøtta gjev ved å innføra det for 2-åringar i kommunen, sa Helge Olav Nygard (KrF).

På førehand var det allereie klart at posisjonen ville adoptera sentrumskoallisjonen sitt verbalforslag i framlegget til budsjettet.

- Som ein kuriositet er vel dette det eineste av våre verbalforslag som kjem til å bli vedtatt i kveld, avslutta Nygard innlegget sitt med eit smil.

Eit kinderegg

Nygard fekk støtte frå Terje Søviknes (Frp).

- Framlegget om kontantstøtte er eit kinderegg.

- Først får vi gjeve eit spark til regjeringa i forhold til omlegginga av barnehagefinansieringa, som har gjeve Kommune-Noreg betydelege kostnadar.

- Så vidarefører vi valfridommen for dei der heime. No kan dei velja å vera heime med borna også det andre leveåret.

- For det tredje kan det ha ein fin økonomisk gevinst for kommunen, oppsummerte Søviknes.

Sparer 100.000 for kvart born

Fremlegget går nemleg ut på at foreldra får 5000 kroner i månaden i kommunal kontantstøtte. Dette gjev ei årleg utgift for kommunen på 60.000 kroner. Til samanligning kostar ein barnehageplass for det same barnet kommunen 160.000 kroner i året.

Også Laila Marie Reiertsen (FrP) gav KrF honnør for å koma med forslaget om kontantstøtte.

Framlegget om kommunal kontantstøtte blei vedteken med 28 røyster (FrP, H, TvS, KrF, V og Sp) mot Ap sine 7.

Midtsiden.no kjem tilbake med meir frå kommunestyret i løpet av onsdagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.